Studiekompetanse etter 23/5-regelen

For å oppnå generell studiekompetanse etter 23/5-regelen må du:

  •  fylle minst 23 år i søknadsåret
  •  dekkje alle dei 6 obligatoriske fagkrava
  •  dokumentere minst 5 års heiltids yrkespraksis/utdanning

Alle som dekkjer krava i 23/5-regelen kan søkje på dette grunnlaget, òg dei som har generell studiekompetanse på grunnlag av 3-årig vidaregåande opplæring eller fagbrev pluss studiekompetansefaga. 

Søkjer du på bakgrunn av 23/5-regelen er søknadsfristen 15. april.

Fagkrava:

Utdanningsprogram for studiespesialisering
Norsk, videregående kurs 3 (Vg3) 393 timer
Engelsk 140 timer
Historie 140 timer
Samfunnsfag 84 timer
Matematikk 224 timer
Naturfag 140 timer

Praksis:

Praksis kan anten vera 5 års utdanning eller yrkespraksis eller ein kombinasjon av dei. Les meir om korleis ein kan dekkje 5- års kravet: