Militær-/sivilteneste

Militærteneste/sivilteneste blir godskrive som annan yrkespraksis, etter varigheit frå dato til dato. 

Militær førstegongsteneste skal dokumenterast med militært tenestebevis (eigen blankett), frå 2007 militær tenesteuttalelse. Manglar du militært tenestebevis/tenesteuttalelse, ta kontakt med di rulleførande eining. Attestar, vernepliktsbok, diplom for vernedyktigheitsmedalje o.l. er ikkje tilstrekkeleg.

Sivilt tenestebevis får du hos siviltenesteadministrasjonen der tenesta blei avslutta.

Er du i tvil om dokumentasjonen din er godkjent, kan du ta kontakt med ein av lærestadene.