Deltidsutdanning gir utteljing i forhold til tilsvarande heiltidsutdanning, til dømes vil eit deltidsstudium over to år svare til eitt år heiltid. Utdanning kan ikkje overlappe med lønna arbeid.
Vidaregåande skole
Fullførte og beståtte årskurs i vidaregåande skole tel med som heile år i 5-årskravet. 3-årige vitnemål tel som tre år, det same gjeld fag-/sveinebrev. Ønskjer du utteljing for læretid, må denne dokumenterast med arbeidsattest.
Lause fag som ikkje overlappar med fag på teljande årskurs, kan reknast saman og godskrivast som heile eller halve år med utgangspunkt i krava for veketimetal / årstimetal for heile årskurs.
Har du berre teke dei seks obligatoriske studiekompetansefaga, blir dei godskrive som eitt år av 5-årskravet.
Høgare utdanning
Fullført og bestått høgare utdanning blir godskrive som heile og halve år, dvs. eit halvt år for kvart 30. studiepoeng.
Folkehøgskolar
Folkehøgskoleåret skal vere på minst 33 skoleveker med mindre enn 10% fråvere for at det skal godkjennast som eitt år i 23/5-regelen.
Utanlandske folkehøgskolar kan òg telje som del av 5-årskravet, men gir ikkje tilleggspoeng.
Fagskolar
Fullført og bestått fagskoleutdanning blir godskrive ut frå heiltids omfang.
Anna utdanning
Utdanning som ikkje er nemnt ovafor kan òg reknast inn i 5-årskravet så lenge det er fullført og bestått utdanning på heiltid over minimum eitt semester. Dokumentasjonen må syne at utdanninga er fullført og bestått, varigheit frå dato til dato og om det er heiltid eller deltid.
Er du i tvil om utdanninga di vil telje, ta kontakt med ein av lærestadene.