Blir summert i heile månader.
Lønna arbeid
I utgangspunktet blir det kravd heiltidsjobb som må ha vart samanhengande i minst eit halvt år før det kan telje. Deltidsarbeid som har vart i 6 månader blir godkjent når det er minst 50 % stilling.
100 % stilling i eitt år omfatter ca. 1 650 timar. Deltidsarbeid blir rekna om til heiltid med utgangspunkt i 37,5 timars veke, men 90 % stilling eller meir reknast som full jobb.
Ved utrekning av heile månader blir det brukt vanlege forhøyingsreglar, dvs. at t.d. fem månader pluss minst 15 dagar blir forhøyd til 6 månader. Viss varigheit ikkje er oppgitt frå dato til dato men i heile måneder, blir det avrunda til næraste månad i søkjaren sin disfavør. Dette gjeld òg etter omrekning av deltid.
Det kan berre godskrivast ein heiltidsjobb om gangen, dvs. at overtid eller to arbeidsforhold eller jobb/skole samstundes ikkje gir ekstra utteljing.
Dokumentasjon: Arbeid må dokumenterast med attest frå arbeidsgivar, likningskontor eller anna offentleg myndigheit som kan stadfeste arbeidsforholdet. Attesten må opplyse om kva slags arbeid som er utført, varigheit frå dato til dato samt omfang anten i form av stillingsprosent eller timetal. Attestar med uspesifisert deltidsarbeid blir ikkje godkjente. Søkjarar som driv sjølvstendig næringsverksemd må dokumentere praksis med attest frå likningskontor og føretaksregister.
Omsorgsarbeid
Omsorgsarbeid er ulønna omsorg for barn (eller vaksne, evt. med omsorgsløn) i eigen heim, og blir godskrive som annan yrkespraksis.
Omsorgsarbeid på minst halv dag kan godkjennast. Dette inneber at halvdags omsorgsarbeid kombinert med halvdags yrkesarbeid/utdanning gir uttelljng for heildags aktivitet. Omsorgsarbeid ved sida av heiltids arbeid eller utdanning tel ikkje.
Dokumentasjon: Omsorgsarbeid for eigne barn må dokumenterast med bustadattest frå folkeregistret for søkjaren og barna. Omsorgsarbeid i eigen heim for eldre, funksjonshemma og sjuke må dokumenterast med attest frå lækjar, sosialkontor eller sjukehus.
Har du arbeidspraksis som ikkje er nemnt her, eller du er i tvil om praksisen din vil telje, kan du ta kontakt med ein av lærestadene.