Søkjarar som på grunn av spesielle omstende ikkje får tatt eksamen i vidaregåande skole i vårsemesteret, kan få opptak på vilkår av at han/ho tar ny eksamen i faget i løpet av haustsemesteret.
Følgjande vilkår må vere oppfylte:
- Søkjaren må ha standpunktkarakteren 2 (to) eller betre i faget, og kan ikkje ha vore oppe til eksamen i faget tidlegare, korkje som elev eller privatist.
- Faget må ha utsett eksamen i haustsemestret. Fag som har utsett eksamen i slutten av vårsemestret kjem ikkje inn under ordninga.
- Spesielle omstende kan vere sjukdom, ulykke, dødsfall i nær familie eller andre tilfelle der det ville vore ei belastning å gå opp til eksamen.
Kompetansebevis og stadfesting frå skolen om gyldig forfall må sendast saksbehandlande institusjon innan ettersendingsfristen 1. juli.
Søknaden blir poengrekna som om dei aktuelle faga var beståtte, og får betinga opptak berre viss poengsummen ligg over poenggrensa for studiet. Ein studieplass som er tildelt gjennom betinga opptak kan ikkje reserverast til året etter.
Søkjarar som får betinga opptak, men som ikkje tar ny eksamen innan den fastsette fristen, mistar både studieplassen og studieretten til studiet. Viss dei tar eksamen i studiet, blir denne ikkje rekna som bestått før vilkåra for opptak er oppfylte.
Ordninga med betinga opptak gjeld berre elevar, ikkje privatistar.