Dispensasjon

Det kan gjerast unntak frå kravet om generell studiekompetanse i heilt spesielle høve for søkjarar under 25 år. Dette er ei unntaksbestemming som ikkje gir opent tilgjenge til studium for alle som manglar generell studiekompetanse.

Det er inga spesiell avkryssing eller skjema for søknad om dispensasjon, du skal søkje innan 15.april og ikkje krysse av for særskilt vurdering. 

Du må skrive ein søknad om dispensasjon og leggje denne ved omslagsarket saman med dokumentasjon på varig sjukdom, funksjonshemming eller liknande som gjer at du ikkje er i stand til å dekkje krava til generell studiekompetanse. Du må og grunngje at du har dei naudsynte faglege føresetnadene for å gjennomføre studiet.

Powered by Vortex