Fagkrava

Her kan du sjå korleis fagkrava blir dekte i kvar enkelt utdanningsstruktur.

Har du fullført og bestått eit fagkrav i ein tidligare struktur, har du dekt tilsvarande fagkrav i Kunnskapsløftet.

Opptaksorganet har òg plikt til å vurdere om anna utdanning (t.d. frå høgskole/universitet) eller annan dokumentasjon av kunnskapar kan godkjennast som tilsvarande eitt eller fleire av fagkrava.
Er du i tvil om du har dekt eitt eller fleire krav i generell studiekompetanse, ta kontakt med ein av lærestadene.

 

Kunnskapsløftet (2008 - )   Reform 94 (1997 - 2007)
Norsk 393 årstimar Norsk 14 veketimar
Engelsk 140 årstimar Engelsk 5 veketimar
Samfunnsfag 84 årstimar Samfunnslære 2 veketimar
Historie 140 årstimar Nyere historie 4 veketimar
Matematikk 224 årstimar Matematikk 5 veketimar
Naturfag 140 årstimar Naturfag 5 veketimar

NB! Kravet om 393 årstimar/14 veketimar norsk gjeld ikkje for søkjarar som har lese norsk med 309 årstimar/11 veketimar og samisk/finsk med 309 årstimar/11 veketimar. Viss du har yrkesfagleg utdanning og må ta ekstra fag for å få generell studiekompetanse, sjå tabellen i Fagkrav yrkesfag.

 

 

Allmennfaglig studieretning før Reform 94 
(endret struktur, ca 1992 - 1997)
  Allmennfaglig studieretning før Reform 94 
(tradisjonell struktur, ca 1979 - 1991)
Norsk 14 veketimar Norsk 14 veketimar
Engelsk 5 veketimar Engelsk 4+3 veketimar
Samfunnslære 2 veketimar Samfunnsfag/
Historie
Samfunnsfag I + II eller III
Nyere historie 4 veketimar
Matematikk 5 veketimar Matematikk 5 veketimar
Naturfag 5 veketimar Naturfag 5 veketimar

Viss du har yrkesfagleg utdanning og må ta ekstra fag for å få generell studiekompetanse, sjå tabellen i Fagkrav yrkesfag.

 

 

Tradisjonelt linjedelt gymnas
(examen artium, før ca 1979)
  Studieretning for handels- og kontorfag (før 1997)
Norsk Norsk hovudstil og tilleggsstil skriftleg + norsk munnleg eller
Norsk I og II + munnleg.
Norsk Må vere bestått på VKII.
Engelsk Dekt når faget er bestått første året, alle liner. Engelsk Må vere bestått på VKII.
Samfunnsfag/historie Historie II eller
Historie I + Geografi.
 
Samfunnsfag/
historie
Bestått organisasjonslære og sosialøkonomi på VKII.
Viss eitt av desse faga ikkje er bestått, er samfunnsfag dekt med samfunns- og næringslære frå grunnkurs; historie må takast i tillegg.
Matematikk Dekt når faget er bestått første året på real- og naturfaglinja.
På andre linjer må det fremgå at faget er fullført og bestått, enten med 5 veketimar første året eller anna timefordeling over to år.
Matematikk Matematikk I + rekneskapslære frå grunnkurs.
Naturfag To av faga fysikk, kjemi og biologi. Naturfag Ikkje dekt.
NB! Har du fullført og bestått 3-årig handel og kontor, har du generell studiekompetanse sjølv utan naturfag.

Viss du har yrkesfagleg utdanning og må ta ekstra fag for å få generell studiekompetanse, sjå tabellen i Fagkrav yrkesfag.

 

Teknisk fagskole som gir generell studiekompetanse,
(rammeplan av 1998/99)
Norsk Må vere teke i begge målformer, som i allmennfagleg studieretning.
Engelsk Dekt når faget er bestått.
Samfunnsfag/
Historie
Utdanninga hadde nyare historie, medan samfunnslære var fag på VKI i fagopplæringa. Fagkrava er difor dekte.
Matematikk Dekt når faget er bestått.
Naturfag Både fysikk og kjemi må vere bestått.

 

 

Gammel teknisk fagskole
(før rammeplan av 1998/99)
  1-årig forkurs for ingeniør- og maritim utdanning
Norsk Ikkje dekt som enkeltfag. Norsk Ikkje dekt som enkeltfag.
Engelsk Ikkje dekt som enkeltfag. Engelsk Ikkje dekt som enkeltfag.
Samfunnsfag Dekt med bestått karakter i norsk (faget inneheld ein del samfunnsfag) Samfunnsfag/
Historie

før 1993:
samfunnsfag er dekt, historie må takast i tillegg.
etter 1993:
samfunnsfag på offentlege forkurs dekkjer både samfunnsfag og historie.
Private forkurs må vurderast individuelt.

 

Forkurs som er ein del av systemet for høgare utdanning: her er historie teken ut av fagplanane.
Historie er difor ikkje dekt, mens samfunnsfag er dekt.

Historie Må vurderast individuelt.
Matematikk 6 veketimar matematikk, første året, alle linjer. Matematikk Dekt når faget er bestått.
Naturfag Både fysikk og kjemi må vere bestått. Naturfag Både fysikk og kjemi må vere bestått.