Fagkrav yrkesfag

Her ser du korleis fagkrava kan vere dekte frå yrkesfaglege utdanningsprogram/studieretningar.

Viss du har Vg1 + Vg2 yrkesfag (Kunnskapsløftet) eller Grunnkurs + VKI yrkesfag (Reform 94), må du ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse. Sjå mer informasjon om Vg3 påbygging på vilbli.no. Vel dei Vg1 og Vg2-kursa du har.

Viss du har bestått 3-årig løp som gir yrkeskompetanse eller har fag-/sveinebrev, treng du berre å ta den siste modulen i nokre av studiekompetansefaga. Sjå tabellen nedanfor.

Kunnskapsløftet (2008 - )
Fagnamn Timar i Vg1 og Vg2 Fag du må ta frå Vg3 påbygg
Norsk 56 + 56 årstimar 393 årstimar (inkluderer óg dei 112 årstimane frå Vg1 og Vg2)
Engelsk 84 + 56 årstimar Faget er dekt frå Vg1 og Vg2
Samfunnsfag 0 + 84 årstimar Faget er dekt frå Vg1 og Vg2
Historie   - 140 årstimar
Matematikk 84 + 0 årstimar 140 årstimar (Vg2PY eller Vg2TY)
Naturfag 56 + 0 årstimar 84 årstimar

 

For meir informasjon om dei faga du må ta, kontakt ein vidaregåande skole.

 

Våren 2010 er siste sjansen til å ta fag frå VKII i Reform 94. Det er ikkje lenger mogeleg å ta fag frå grunnkurs eller VKI. Viss du har 3 års yrkesfag eller fag-/sveinebrev frå Reform 94, må du difor ta fag i Kunnskapsløftet.

Reform 94 (1997 - 2007)
Fagnamn Timar i Grunnkurs og VKI Fag du må ta frå Vg3 påbygg
Norsk 2 + 2 veketimar 393 årstimar (inkluderer óg dei 4 veketimane fra grunnkurs og VKI)
Engelsk 2 + 2 veketimar Faget er dekt frå grunnkurs og VKI
Samfunnslære 0 + 2 veketimar Faget er dekt frå VKI
Nyere historie   - 140 årstimar
Matematikk 3 + 0 veketimar 140 årstimar (Vg2PY eller Vg2TY)
Naturfag 2 + 0 veketimar 84 årstimar

 

For meir informasjon om dei faga du må ta, kontakt ein vidaregåande skole.

 

Viss du har 3 års yrkesfag eller fag-/sveinebrev frå tida før Reform 94, må du ta fag i Kunnskapsløftet.

Yrkesfaglege studieretningar før Reform 94 (endra struktur, ca 1992 - 1997)
Fagnamn Opprinnelege fag Fag du må ta frå Vg3 påbygg
Norsk Viss faget er bestått på VKII-nivå allmennfagleg studieretning er faget dekt frå følgjande studieretningar:
- helse- og sosialfag
- husflids- og estetiske fag
- husholdningsfag
- håndverks- og industrifag
- idrettsfag
Viss faget ikkje er bestått på VKII-nivå allmennfagleg studieretning, må du ta 393 årstimar norsk
Engelsk 5 veketimar Viss du ikkje har 5 veketimar, må du ta 140 årstimar engelsk
Samfunnslære 2 veketimar samfunnslære Samfunnsfag er dekt
2 veketimar norsk m/ samfunnskunnskap
+ 2 veketimar bedriftslære
2 veketimar norsk m/ samfunnskunnskap
+ 2 veketimar i andre fag (f.eks yrkesteori)
84 årstimar samfunnsfag
Nyere historie    - 140 årstimar historie
Matematikk 6 veketimar (5 veketimar i studieretning for landbruksfag og naturbruk) Matematikk er dekt
Naturfag 6 (evt. 5) veketimar Naturfag er dekt

 

 

 

Yrkesfaglege studieretningar før Reform 94 (tradisjonell struktur, ca 1979 - 1991)
Fagnamn Opprinnelege fag Fag du må ta frå Vg3 påbygg
Norsk  Viss faget er bestått på VKII-nivå allmennfagleg studieretning er faget dekt frå følgjande studieretningar:
- helse- og sosialfag
- husflids- og estetiske fag
- husholdningsfag
- håndverks- og industrifag
- idrettsfag
Viss faget ikkje er bestått på VKII-nivå allmennfagleg studieretning, må du ta 393 årstimar norsk
Engelsk 5 veketimar Viss du ikkje har 5 veketimar, må du ta 140 årstimar engelsk
Samfunnsfag 2 veketimar samfunnslære Samfunnsfag er dekt
2 veketimar norsk m/ samfunnskunnskap
+ 2 veketimar bedriftslære
2 veketimar norsk m/ samfunnskunnskap
+ 2 veketimar i andre fag (f.eks yrkesteori)
84 årstimar samfunnsfag
Historie    - 140 årstimar historie
Matematikk 6 veketimar (5 veketimar i studieretning for landbruksfag og naturbruk) Matematikk er dekt
Naturfag 6 (evt. 5) veketimar Naturfag er dekt

 

 

Realskole (før 1969):  
Fagnamn Opprinnelege fag Fag du må ta frå Vg3 påbygg
Norsk Norsk m/ samfunnskunnskap
Norsk frå realskulen
393 årstimar norsk
Engelsk Bestått engelsk frå alle linjer Engelsk er dekt
Bestått engelsk frå full realskuleeksamen (vitnemål frå 3-åreg utdanning)
Samfunnsfag + historie Geografi frå realskulen Samfunnsfag er dekt, du må ta 140 årstimar historie i tillegg
Geografi frå realskulen + Historie I Samfunnsfag og historie er dekte
Matematikk Matematikk frå realskulen 224 årstimar matematikk
Naturfag 2 av faga fysikk, kjemi og biologi Naturfag er dekt
Fysikk + kjemi/fysiologi frå realskulen