Fagskolar

Generell informasjon om fagskolar finn du på Kunnskapsdepartementet sine nettsider.

Tekniske fagskolar

1) Gamle tekniske fagskolar

Dei siste elevane gjekk ut i 2000. Denne ordninga ga ikkje generell studiekompetanse. Utdanninga kan likevel gi opptak til enkelte studium utan omsyn til generell studiekompetanse. Under opptakskrav i menyen til venstre finn du ei oversikt over kva studium det gjelde.

Enkelte fagkrav kan vere dekte frå utdanninga, ei oversikt over desse finn du under fagkrava i menyen til venstre.

2) Ordninga som gir generell studiekompetanse (rammeplan av 1998/99)  

Dei første elevane gjekk ut i 2000. Fagkrava var ein obligatorisk del av utdanninga, og vitnemålet er påført teksten "har oppnådd generell studiekompetanse". Utdanninga kan òg gi opptak til enkelte studium med spesielle opptakskrav i tillegg til generell studiekompetanse. Under opptakskrav i menyen til venstre finn du ei oversikt over kva studium det gjeld.

Enkelte fagkrav kan vere dekte frå fagskoleutdanninga, ei oversikt over desse finn du under fagkrava i menyen til venstre.

3) Nyare teknisk fagskole

Dei første elevane gjekk ut i 2005. Utdanninga er ikkje nasjonalt koordinert; det er opp til kvar enkelt skole kva innhald undervisninga skal ha. Viss din 2-årige tekniske fagskole er godkjent etter lov om fagskoler av 20. juni 2003, gir den generell studiekompetanse når norskkravet er oppfylt. Sjå under fagkrava i menyen til venstre om korleis du dekkjer norskkravet.

Utdanninga kan gi opptak til enkelte studium utan omsyn til generell studiekompetanse, viss dei spesielle opptakskrava er dekte i tillegg til fagskolen. Under opptakskrav i menyen til venstre finn du ei oversikt over kva studium det gjeld.

Ingen fagkrav er dekte i den nyare tekniske fagskolen. 

Andre fagskolar

2-årig fagskoleutdanning godkjent etter lov om fagskoler av 20. juni 2003 gir generell studiekompetanse når norskkravet er oppfylt. Sjå under fagkrava i menyen til venstre om korleis du dekkjer norskkravet. På NOKUT sine nettsider finn du ei oversikt over godkjente fagskolar etter lov av 20. juni 2003. Ver merksam på at denne oversikta òg inneheld godkjente fagskolar av kortare lengd som ikkje gir generell studiekompetanse.

Søkjer du på bakgrunn av fagskole er søknadsfristen 15. april.