Høgare utdanning
Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse på annan måte, men som har ei avslutta høgare utdanning av minst eitt års lengd, har generell studiekompetanse.
Søkjarar med høgare utdanning som opptaksgrunnlag blir ikkje poengrekna, men får individuell vurdering.
Avbrote studium, uansett lengd, gir ikkje generell studiekompetanse.
Utdanningar av same omfang frå andre lærestader enn dei som er med i det samordna opptaket, kan òg gi generell studiekompetanse når dei er godkjende av NOKUT.
Krav til norsk
Viss du har fullført eit studium på norsk eller eit anna nordisk språk ved ein lærestad i Norge/Norden, treng du ikkje dokumentere norsk i tillegg.
Viss utdanninga er tatt på eit ikkje-nordisk undervisningsspråk eller ved ein lærestad utanfor Norden, er det krav om norsk i tillegg.
Ordninga gjeld ikkje for søkjarar som har generell studiekompetanse på grunnlag av vidaregåande skole, fagbrev eller 23/5-regelen.
