Krav til norsk for dei med studiekompetanse på grunnlag av høgare utdanning

Viss den høgare utdanninga er tatt på eit ikkje-nordisk undervisningsspråk eller ved ein lærestad utanfor Norden, er det krav om norsk i tillegg. 

Du kan dokumentere norsk med ei av følgjande prøver:

  • Bestått eksamen i norsk på Vg3-nivå
  • Bestått eksamen frå Trinn 3 for utanlandske studentar ved universiteta
  • Bestått eksamen frå 1-åreg høgskolestudium i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar
  • Test i norsk - høgare nivå, skriftleg ("Bergenstesten") med minst 450 poeng eller karakteren Bestått (ny karakterskala frå og med oktober 2009)

Du kan få meir informasjon om Bergenstesten hos Folkeuniversitetet - norsk språktest