Tresemesterordning
For opptak til ingeniørutdanning krev ein normalt matematikk (R1+R2) og Fysikk 1 som spesielle opptakskrav i tillegg til generell studiekompetanse.
Viss du manglar slik realfagleg fordjuping, kan du til nokre av desse utdanningane følgje kurs i ei tresemesterordning. Det første studieåret er tilrettelagt, med undervisning både sommaren før og eventuelt også sommaren etter det første studieåret. Opptakskravet er generell studiekompetanse. Frå og med det andre studieåret følgjer du det ordinære studiet.
Følgjande høgskolar og universitet tilbyr tresemesterordning med særskilt undervisning i matematikk og fysikk:
- Høgskolen i Buskerud
- Høgskolen i Gjøvik
- Høgskolen i Narvik
- Høgskolen i Oslo og Akershus
- Høgskulen i Sogn og Fjordane
- Høgskolen Stord/Haugesund
- Høgskolen i Telemark
- Høgskolen i Vestfold
- Høgskolen i Østfold
- Høgskolen i Ålesund
- Universitetet i Agder
- Universitetet i Tromsø
Søknad om opptak til tresemesterordning og eventuelle spørsmål, skal du rette til den lærestaden som har slik utdanning.
1-årig forkurs
Til ingeniør- og maritime utdanningar kan ein kvalifisere seg med 1-årig forkurs, uavhengig av kravet om generell studiekompetanse.
Forkurset er ope både for søkjarar som har generell studiekompetanse (men manglar fordjuping i matematikk og fysikk) og for søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse. Dei sistnemnde vil bli kvalifisert for ingeniør- og maritime utdanninga dersom dei består fullt forkurs.
Opplysningar om slike forkurs får du ved å vende deg til ein høgskole som har ingeniør- eller maritim utdanning.
Søknad om opptak til forkurs og eventuelle spørsmål, skal du rette til den aktuelle høgskolen.
Y-vegen
Lærestadene har høve til ta opp søkjarar utan generell studiekompetanse, men med relevant fag-/sveinebrev til særskilde ingeniørstudium. Informasjon om slike studietilbod finn du på nettsidene til lærestadane. Du søkjer til desse studia direkte til kvar lærestad, ikkje gjennom Samordna opptak.
Desse lærestadene tilbyr eitt eller fleire ingeniørstudium med Y-veg:
- Høgskolen i Buskerud
- Høgskolen i Gjøvik
- Høgskolen i Narvik
- Høgskulen i Sogn og Fjordane
- Høgskolen i Telemark
- Høgskolen i Østfold
- Høgskolen i Ålesund
- Universitetet i Agder
- Universitetet i Tromsø
Realfagskurs
Fleire høgskular tilbyr realfagskurs som dekkjer dei spesielle opptakskrava til høgskuleingeniørstudium for søkjarar som har generell studiekompetanse, men som manglar fordjupning i matematikk og fysikk frå vidaregåande skule. Kursa blir i dei fleste høve tilbydde som deltidsstudium eller eit semesterstudium. Nærare informasjon om realfagskurs får du ved å kontakte dei einskilde lærestadene.