Krav om politiattest

Det er fastsett at det skal krevjast politiattest til studium der studentane kjem i kontakt med pasientar, klientar, barnehagebarn, elevar eller andre som del av klinisk undervisning eller praksisopplæring.

Dersom politiattesten viser at vedkomande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep eller grove valdsbrotsverk, kan det få konsekvensar for gjennomføringa av visse studium.

Søkjarar som får tilsegn om studieplass ved eit av desse studia og som ikkje har merknad på politiattesten som er relevant for opptak til studiet, skal leggje fram politiattesten for lærestaden seinast ved studiestart.

Søkjarar som får tilsegn om studieplass ved ei av desse utdanningane og som har merknad på politiattesten som er relevant for opptak til studiet, skal sende politiattesten til lærestaden innan fristen for å takke ja til studieplassen. Eventuell avgjerd om utestenging blir fatta i ei særskilt nasjonal nemnd.

Ikkje bestill politiattesten før du får tilbod om opptak. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader. Dersom politiattesten ikkje blir levert, skal lærestaden fatte vedtak om utestenging. Dette medfører at ein ikkje får høve til å gjennomføre utdanninga.

Etter kapittel 6 i opptaksforskrifta gjeld krav om politiattest til desse studia:

  • audiograf
  • barnevernspedagog
  • ergoterapeut
  • faglærar
  • friluftsliv, kultur og naturrettleiing
  • fysioterapeut
  • førskolelærar
  • grunnskolelærar
  • kateket
  • klinisk ernæringsfysiolog
  • kyrkjeverje
  • lækjar
  • menighetssekretær
  • optikar
  • ortopediingeniør
  • politi
  • profesjonsutdanning i pedagogikk
  • profesjonsutdanning i spesialpedagogikk
  • psykolog
  • radiograf
  • sjukepleiar
  • sosionom
  • tannlækjar
  • tannpleiar
  • trenar
  • tolk for døve, døvblitte og døvblinde
  • vernepleiar

 

Powered by Vortex