Tuberkuloseundersøking
Studentar ved helse-/sosialfagutdanningar og lærarutdanningar pliktar å gjennomgå tuberkuloseundersøking. Krav til testing gjeld òg ved andre utdanningar dersom studentar har praksis/klinisk undervisning innan helse/sosialsektor eller pedagogisk sektor.
Kravet gjeld dersom studenten dei tre siste åra har opphalde seg minst 3 månader i land utanfor Vest-Europa, USA, Canada, Australia, New Zealand eller Japan, og skal vere i Noreg lengre enn tre månader.
Meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA)
Studentar som skal ha praksis/klinisk undervisning ved sjukehus, sjukeheim og andre boformer for heildøgns pleie, pliktar å gjennomgå undersøking for meticillinresistente gule stafylokokkar.
Kravet gjeld dersom studenten i løpet av dei siste 12 månadene har arbeidd i helsevesenet eller har vore innlagd på helseinstitusjonar i land utanfor Norden. Kravet til undersøking gjeld òg dersom studenten i løpet av dei siste 6 månadene på andre måtar kan ha vore utsett for smitte i Noreg eller i utlandet.
Plikt til å gjennomføre undersøkingane
Studentar som kjem inn under reglane for desse undersøkingane, har sjølv ansvaret for å bli undersøkt. Resultatet av undersøkinga må vere klart før studenten kan starte med praksis.
Dersom du får tilbod om studieplass ved ei av dei aktuelle utdanningane, vil du samstundes få nærare informasjon om reglane for testing. Lærestaden vil informere om den praktiske gjennomføringa av testane.
