Kva er realkompetanse?

Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse og som fyller minst 25 år i søknadsåret, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom lønna eller ulønna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring eller på annan måte.

Kvar enkelt lærestad avgjer sjølv kva som gir realkompetanse til studia sine. Same type studium kan difor ha ulike krav til realkompetanse, slik at vurdering ved ein lærestad ikkje gjeld ved andre lærestader. Informasjon om dei konkrete krava til realkompetanse får du ved den enkelte lærestaden.

Sjølv om du får godkjent realkompetanse til eit studium, gir ikkje dette automatisk tilbod om studieplass. Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar enn talet på studieplassar, blir dei rangerte etter ei skjønnsmessig vurdering.

Les meir om korleis du søkjer realkompetanse under frister og prosedyrer

Powered by Vortex