Regelendringar frå 2011

Tilleggsreglar for språk og realfag.

Departementet har vedteke at det skal gejvast tilleggspoeng (språkpoeng) for greidde programfag i andre framanspråk enn engelsk frå og med opptaket til studieåret 2011/2012. Desse tilleggspoenga er innanfor den same ramma på 4 poeng som gjeld for realfagspoeng no, slik at ingen kan få fleire enn 4 tilleggspoeng for programfag i realfag og framandspråk.

Vi gjer særskilt merksam på at engelsk ikkje er rekna som framandspråk. Det blir heller ikkje gjeve tilleggspoeng for latin og gamalgresk.

Eit programfag som har eit omfang på 140 timar gir 0,5 tilleggspoeng med unnatak for faga matematikk R2 og fysikk 2 og framandspråk III som gir 1,0  tilleggspoeng. Det blir ikkje gjeve tilleggspoeng for fag som overlappar kvarandre.

Søkjarar som har greidd slike studieretningsfag/linefag tidlegare, kan få poeng dersom faga svarar til programfaga i Kunnskapsløftet med omsyn til omfang og nivå. Dei detaljerte reglane kan lesast i § 7-8 i gjeldande forskrift.

Idrettsvitskap ved Noregs idrettshøgskole 

Det er ikkje opptaksprøve til bachelorstudiet i idrettsvitskap ved (NIH)