For å bruke nettsøknad og dei såkalla "pop-up"-funksjonane på sidene (artiklar som kjem opp i eige vindauge), må JavaScript vere aktiv i nettlesaren din.
JavaScript er òg kalla JScript eller EMCAScript i nokre samanhengar, eller Aktiv Skripting (Microsoft Internett Explorer norsk utgåve).
Dei tekniske løysingane
Dei tekniske løysingane for Samordna opptak sine nye sider er leverte av USIT og nyttar Vortex som publiseringsløysing. Leveringa inneber implementering av nytt design og ny informasjonsarkitektur, og dessutan overføring av innhald frå tidlegare publiseringsløysing. USIT har òg gitt opplæring i grunnleggande bruk av systemet. Prosjektet vart leia av Magnus Korvald som er tilsett i XML-gruppa ved USIT.
Tenestene "Nettsøknad" og "eVitnemål" ligg ikkje i Vortex og var primært ikkje ein del av dette prosjektet. Dei har likevel fått ei andletslyfting som følge av det nye designet på hovudsida.
Om bruk av nettlesarar
Dei siste versjonane av dei vanlegaste nettlesarane finn du her:
Om bruk av nettsøknad
SO har streng tryggleik forbunde med overføring av data mellom brukarar og SO, m.a. med sertifikat for overføring av krypterte filer som t.d. nettbankane har.
Viss du legg inn e-postadresse, vil du umiddelbart få kvittering på søknaden. Viss du legg inn e-postadresse og ikkje fyller inn studieønske, vil SO automatisk sende eit varsel om at søknaden ikkje er fullstendig utfylt. Gløymer du passordet, kan du få tilsendt nytt passord.
Du logger på nettsøknaden din med brukarnamn og passord frå kva datamaskin som helst med nettilkopling.
Nye standardar for publisering på offentlege nettsider
Alle offentlege vierksemder er pålagte å bruke standard dokumentformat ved publisering på nett. Samordna opptak freistar i størst mogeleg grad å leggje ut informasjon i HTML-format.
Skjema som ikkje skal bearbeidast vidare, legg vi ut i PDF-format. Dokument som skal bearbeidast vidare vil vi kontinuerleg leggje ut i filformatet ODF (Open Document Format). Les meir om nye standardar for publisering.
ODF-format kan mellom anna lesast ved bruk av Open Office Les òg om korleis du kan åpne ODF-dokumenter utan å ha Open Office.
For å lese PDF-filer kan du mellom anna bruke Acrobat Reader eller Foxit reader.
Landsider
Karta under utenlandsk utdanning er utlånte av UD, www.norway.info
Karta er laga av grafisk designar Torbjørn Vagstein. Takk!
