Med Samordna opptak sine SMS-tenester kan du abonnere på varslingar om fristar gjennom opptaket og leite fram ledige plassar på Restetorget.
SMS Restetorget
Med SO si SMS-teneste kan du leite fram ledige plassar på Restetorget med mobiltelefon din. Tenesta opnar 20. juli kl. 09.00
Korleis finn ein ledige plassar?
Send REST <studie> <sted> til 1933
Det kan løne seg å begrense søket geografisk og til konkrete studium for ikkje å få for mange treff. Eks.:
| [SMS-kode] | [Leiteord, døme] | [Leiteord, døme] | [Til] |
| REST | Sykepleier | Akershus | 1933 |
Korleis søkjer ein ledige plassar?
Du søkjer ledige plassar på nettsøknaden din. Du kan søkje inntil 10 studieplassar. Her kan du lese meir om korleis du søkjer på Restetorget.SMS varslingsteneste
Dersom ein ønskjer å få varslingar om fristar i opptaket til din mobiltelefon, må ein krysse av for dette på nettsøknaden når ein søkjer.
