I opptaket til studieåret 2010/11 må alle søkjarar med norsk
fødselsnummer ha elektronisk identitet frå MinID.
For å bruke MinID i søknadsregistreringa treng du PIN-kodar. Har du
mottatt PIN-kodar frå Skatteetaten tidlegare år, er desse framleis gyldige.
Skatteetaten sender ikkje lenger ut PIN-kodar automatisk. Har du ikkje PIN-kodar, må du bestille desse på www.skatteetaten.no/pin
Det tar 1-5 dagar frå du bestiller til PIN-kodeark kjem i posten til adressa du er registrert med i Folkeregisteret. Sørg difor for å skaffe deg PIN-kodar i god tid før søknadsfristen, anten du skal søkje innan 1. mars eller 15. april.
Søkjarar utan norsk fødselsnummer (sjå òg utanlandsk utdanning) vil få ei eiga løysing for registrering av søknad.

