3- årig vidaregåande skule som gjev generell studiekompetanse

Har du fullført og bestått vidaregåande skule som gjev generell studiekompetanse, kan du søkje høgare utdanning.

Har du fullført vidaregåande skule etter 2009?

Viss du har fullført vidaregåande skule etter 2009, har du fått opplæring under Kunnskapsløftet. Da har du generell studiekompetanse dersom du har fullført og bestått eit studieførebuande utdanningsprogram. Du kan og ha gått på eit yrkesfagleg utdanningsprogram i to år og teke eit påbyggingsår det tredje året.

Når du har fullført og bestått alle fag og eksamenar, får du eit vitnemål der det står at du «har oppnådd generell studiekompetanse».

Dersom du er usikker på om du har, eller vil få generell studiekompetanse, kan skulen din gje deg meir informasjon om dette.

Hugs at du også må dekke dei spesielle opptakskrava til studia du søkjer.

Har du fullført vidaregåande skule etter 1996?

Viss du har fullført vidaregåande skule mellom 1996 og 2009, har du fått opplæring under Reform 94. Da har du generell studiekompetanse viss du har fullført og bestått ei av følgjande studieretningar:

  • allmenne, økonomiske og administrative fag
  • idrettsfag
  • musikk, dans og drama
  • naturbruk avslutta med VKII naturforvaltning
  • formgjevingsfag med VKI og VKII tegning, form og farge
  • medier og kommunikasjon
  • grunnkurs og VKI yrkesfag og VKII allmennfagleg påbygging

Når du har fullført og bestått alle fag og eksamenar, får du eit vitnemål der det står at du «har oppnådd generell studiekompetanse».

Har du fullført vidaregåande skule før 1997?

Viss du har fullført vidaregåande skule før 1997, har du generell studiekompetanse dersom du har fullført og bestått

  • allmennfagleg studieretning
  • handel- og kontorfag, eller
  • examen artium

Viss du er usikker på om du har generell studiekompetanse, kan du kontakte opptakskontoret ved ein høgskule eller eit universitet.

Har du teke eit utvekslingsår i vidaregåande skule?

Har du vore utvekslingselev, for eksempel i Vg2, og avsluttar di vidaregåande utdanning med Vg3 i Noreg, får du eit norsk vitnemål frå din vidaregåande skule i Noreg.
Faga som du har teke i utlandet kan gjeve fritak for fag som du ellers måtte ha teke i Noreg. Faga blir ført på det norske vitnemålet ditt utan karakter, og med det norske fagnamnet.

Det er din norske vidaregåande skule som avgjer kva for fag du kan få fritak for.

Meir om korleis vi behandlar søknaden din.

 

Publisert 11. jan. 2013 10:09 - Sist endret 27. okt. 2017 13:38