Har du teke eit utvekslingsår i vidaregåande skule?

Har du vore utvekslingselev, til dømes i Vg2, og avsluttar di vidaregåande utdanning med Vg3 i Noreg, får du eit norsk vitnemål frå din vidaregåande skule i Noreg.

Korleis poengreknar vi søknaden din?

Du blir poengrekna på bakgrunn av det norske vitnemålet ditt. Alle karakterane på vitnemålet tel like mykje. Faga utan karakter, dei som du har fått godkjent frå utlandet, blir ikkje tatt med i poengrekninga.

Kan eg få språk- og realfagspoeng?

Har du teke realfag i utlandet som gjev fritak for programfag i språk- og realfag i Noreg, blir desse ført på det norske vitnemålet ditt med dei norske fagkodane. Det er din norske vidaregåande skule som gjer dette.

Du får realfagspoeng for programfag i realfag, og språkpoeng for programfag i språkfag. Du får poeng sjølv om du ikkje har karakter i faget, på lik linje med elevar som tok faga i Noreg.

Er det mogleg å dekkje spesielle opptakskrav?

Du kan dekkje spesielle opptakskrav med fag som du har teke då du var på utveksling. Faget må vere ført på det norske vitnemålet ditt med den norske fagkoda. Skal du søkje studium som har spesielle opptakskrav i form av karakterkrav i enkeltfag, må du sørgje for å dokumentere dette. Det betyr at du må laste opp både det norske vitnemålet og karakterutskrift frå faga tekne i utlandet.

Kva må du laste opp når du søkjer opptak?

Når du søkjer opptak, må du laste opp både ditt norske vitnemål og karakterutskrift frå skulen der du var på utveksling. Viss du har eit elektronisk vitnemål, er det tilstrekkeleg å laste opp karakterutskrift frå skulen der du var på utveksling. Har du ikkje elektronisk vitnemål, må du i tillegg laste opp vitnemålet ditt frå vidaregåande skule.

Publisert 20. feb. 2014 10:58 - Sist endret 22. mars 2016 10:56