Universitet og høgskole - Studiekompetansefaga

Alle må ha dei seks studiekompetansefaga for å få generell studiekompetanse. Du må anten ha dei som ein del av vidaregåande skole, eller i tillegg til praksis etter 23/5-regelen. 

Ikon for universitet og høgskole

Dei seks studiekompetansefaga motsvarar eitt år på vidaregåande skole, men du kan også ta faga som privatist. På www.vilbli.no finn du informasjon om kvar du kan ta faga.

Dei seks studiekompetansefaga er

Norsk – hovudmål, sidemål og munnleg

393 årstimar**

Engelsk

140 årstimar*

Historie

140 årstimar

Samfunnskunnskap

84 årstimar

Matematikk

224 årstimar

Naturfag

140 årstimar

* Tek du engelsk som privatist, må du ta eksamen både i skriftleg og munnleg.

** Du dekker kravet til norsk sjølv om du har fritak i sidemål.

Studiekompetansefag frå tidlegare ordningar i vidaregåande skole

Reform 94 (1997 – 2007)

Reform 94 (1997 – 2007)

Studiekompetansefaga
Er dekt med

Norsk – hovudmål, sidemål og munnleg

14 veketimar

Engelsk

5 veketimar

Historie

4 veketimar Nyare historie

Samfunnskunnskap

2 veketimar Samfunnslære

Matematikk

5 veketimar

Naturfag

5 veketimar

Endra struktur, allmennfagleg retning (ca. 1992 – 1997)

Endra struktur, allmennfagleg retning (ca. 1992 – 1997)

Studiekompetansefaga
Er dekt med

Norsk – hovudmål, sidemål og munnleg

14 veketimar

Engelsk

5 veketimar

Historie

4 veketimar Nyare historie

Samfunnskunnskap

2 veketimar Samfunnslære

Matematikk

5 veketimar

Naturfag

5 veketimar

Tradisjonell struktur, allmennfagleg retning (ca. 1979 – 1991)

Tradisjonell struktur, allmennfagleg retning (ca. 1979 – 1991)

Studiekompetansefaga
Er dekt med

Norsk – hovudmål, sidemål og munnleg

14 veketimar

Engelsk

4 + 3 veketimar

Historie

Historie og samfunnskunnskap er dekte med anten Samfunnsfag I og II,

eller

med Samfunnsfag III.

Samfunnskunnskap

Matematikk

5 veketimar

Naturfag

5 veketimar

Tradisjonelt linjedelt gymnas (- 1979)

Tradisjonelt linjedelt gymnas (- 1979)

Studiekompetansefaga
Er dekt med

Norsk – hovudmål, sidemål og munnleg

Anten Norsk hovudstil og tilleggsstil, skriftleg og munnleg eller Norsk I og II og munnleg.

Engelsk

Er dekt når engelsk er bestått det fyrste året.

Historie

Historie og samfunnskunnskap er dekte med anten Historie og samfunnskunnskap II

eller

Historie og samfunnskunnskap I og Geografi.

Samfunnskunnskap

Matematikk

Er dekt dersom du har bestått matematikk fyrste året på real- og naturfagslinja

eller

fullført og bestått matematikk med totalt 5 veketimar dei to fyrste åra.

Naturfag

Dekt med to av faga fysikk, kjemi eller biologi.

Handels- og kontorfag (– 1997)

Handels- og kontorfag (– 1997)

Studiekompetansefaga
Er dekt med

Norsk – hovudmål, sidemål og munnleg

Bestått norsk på VKII

Engelsk

Bestått engelsk på VKII

Historie

Historie og samfunnskunnskap er dekte dersom du har bestått Organisasjonslære og Sosialøkonomi på VKII. Dersom eitt av desse faga ikkje er bestått, kan samfunnsfag dekkjast med Samfunns- og næringslære frå grunnkurs, men historie må du i så fall ta i tillegg.

Samfunnskunnskap

Matematikk

Matematikk 1 og Rekneskapslære frå grunnkurs.

Naturfag

Er ikkje dekt.

Studiekompetansefag frå yrkesfaglege vidaregåande utdanningar

Kunnskapsløftet, yrkesfagleg retning

Kunnskapsløftet, yrkesfagleg retning

Studiekompetansefaga
Er dekt med

Norsk – hovudmål, sidemål og munnleg

Ikkje dekt

Engelsk

140 timar

Historie

Ikkje dekt

Samfunnskunnskap

84 årstimar

Matematikk

Ikkje dekt

Naturfag

Ikkje dekt

Du kan byggje på den yrkesfaglege utdanninga di for å få generell studiekompetanse.

Reform 94 (1997 - 2007)

Reform 94 (1997 - 2007)

Studiekompetansefaga
Er dekt med

Norsk – hovudmål, sidemål og munnleg

Ikkje dekt

Engelsk

4 veketimar engelsk frå grunnkurs og VKI

Historie

Ikkje dekt

Samfunnskunnskap

2 veketimar samfunnslære

Matematikk

Ikkje dekt

Naturfag

Ikkje dekt

Du kan byggje på den yrkesfaglege utdanninga di for å få generell studiekompetanse.

Er du usikker på kva for nokre studiekompetansefag du har dekt?

Oversikta over er i utgangspunktet komplett, men universiteta og høgskulane har plikt til å vurdere om anna utdanning du har, kan dekkje krava til studiekompetansefag. Dersom du er usikker på om du har dekt nokre av faga, kan du kontakte opptakskontoret ved ein høgskole eller eit universitet.

Publisert 15. jan. 2013 17:53 - Sist endret 12. jan. 2024 10:00