Korleis søkje på grunnlag av realkompetanse?

Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse og som er minst 25 år gamle i opptaksåret, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Slik søkjer du

Fristen for å søke på grunnlag av realkompetanse er 1. mars. Når du søkjer, må du krysse av for realkompetanse som opptaksgrunnlag. Etter at søknaden er registrert, vil du få eit følgjeskjema for kvar lærestad du har søkt. Følgeskjemaet skal du skrive ut frå søknaden din, fylle ut og sende direkte til kvar lærestad – med vedlegg. Det er ditt ansvar å vise at du har realkompetanse for studia du har søkt.

Alle skjema må difor vere tilfredsstillande utfylte. Vi rår deg til å lese om dokumentasjon.

Dersom du kryssar av for realkompetanse sjølv om du har/får generell studiekompetanse, blir søknaden vurdert i vanleg opptak.

For meir informasjon sjå realkompetanse under studiekompetanse.