Viss du meiner det er gjort feil i behandlinga av søknaden din, må du først kontakte institusjonen som har behandla søknaden. Som oftast er dette ein lærestad, men det kan òg vere Samordna opptak.
Dersom det er fleire institusjonar som har behandla søknaden, må du kontakte institusjonen som er saksbehandlar for dei studieønska du meiner er feilbehandla.
Be om grunngjeving først
Du må først be om ei grunngjeving for vedtaket som er gjort. Då kan det bli avklart om det er gjort ein feil, eller om du har mistydd reglane.
Klage
Dersom du er usamd i grunngjevinga som blir gitt, har du etter forvaltningslova § 28 rett til å klage. Av tidsomsyn bør du sende klagen snarast mogleg, og seinast tre veker etter at du har motteke grunngjevinga. Klagen skal sendast til den institusjonen du har fått grunngjevinga frå. I klaga må du gjere greie for kva du klagar på og kva for studium klaga gjeld. Klaga må være underteikna av deg eller den du har gjeve fullmakt.
I nokre tilfelle, ved særskilt eller individuell vurdering, skal klaga sendast til andre enn din saksbehandlande institusjon. Nærare informasjon om dette finn du i svarbrevet.
Dersom institusjonen ikkje gjer om vedtaket du har klaga på, har du rett til å sende ny klage. Klaga blir då sendt vidare til klagenemndsbehandling.