Kvote for førstegongsvitnemål

Kvoten for førstegongsvitnemål er for søkjarar
- som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og
- som etter tre år i vidaregåande opplæring (for nokre utdanningsløp fire år) har fått førstegongsvitnemål som gir generell studiekompetanse.

Søkjarar med yrkesfaglege vitnemål pluss studiekompetansefaga på kompetansebevis kan òg delta i kvoten.

Kvoten er på 50 % av dei tildelte studieplassane.

I kvoten for førstegongsvitnemål tel berre skolepoenga.

Søkjarar i kvoten for førstegongsvitnemål konkurrerer samstundes òg i ordinær kvote, der dei kan få medrekna forbetringar og evt. tilleggspoeng for høgare utdanning eller folkehøgskole eller militær/sivil førstegongsteneste.

Førstegongsvitnemål

Ein elev kan berre få førstegongsvitnemål ein gong, bortsett frå ved endring av karakter(ar) etter klage.

Kravet om gjennomført vidaregåande opplæring på normal tid kan bli utvida til maksimalt fem år dersom det er dokumentert eitt av følgjande vilkår:

  • internasjonal utveksling
  • folkehøgskole
  • verneplikt
  • omsorgsarbeid med eit omfang på minst ni månader
  • omval av Vg1 eller Vg2
  • fråver på grunn av langvarig sjukdom
  • rett til ekstra opplæringstid etter reglane i opplæringslova § 3-1 femte ledd

Følgjande studium har ikkje kvote for førstegongsvitnemål:

  • politiutdanning
  • yrkesfaglærarstudium
  • desentraliserte og/eller deltids studium med minst eitt års yrkespraksis som spesielt opptakskrav
  • 2-årig trafikklærarstudium ved Høgskolen i Nord-Trøndelag 

Reform 94-elevar med primærvitnemål

Elevar som har fullført Reform 94 med primærvitnemål frå seinast våren 2008 kan konkurrere i kvoten for førstegongsvitnemål etter dei gamle reglane for primærvitnemålskvoten t.o.m. det året dei fyller 21 år.

Reform 94-elevar kan dermed få med ekstra fag som skal dekkje spesielle opptakskrav eller som utløyser nye realfagspoeng. Desse faga skal ikkje førast på primærvitnemålet, men dokumenterast på kompetansebevis. Karakterane i desse faga blir rekna inn i gjennomsnittskarakteren. 

Powered by Vortex