Kvote for førstegongsvitnemål

Kvoten for førstegongsvitnemål er for søkjarar
- som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og
- som etter tre år i vidaregåande opplæring (for nokre utdanningsløp fire år) har fått førstegongsvitnemål som gir generell studiekompetanse.

Søkjarar med yrkesfaglege vitnemål pluss studiekompetansefaga på kompetansebevis kan òg delta i kvoten.

Kvoten er på 50 % av dei tildelte studieplassane.

I kvoten for førstegongsvitnemål tel berre skolepoenga.

Søkjarar i kvoten for førstegongsvitnemål konkurrerer samstundes òg i ordinær kvote, der dei kan få medrekna forbetringar og evt. tilleggspoeng for høgare utdanning eller folkehøgskole eller militær/sivil førstegongsteneste.

Førstegongsvitnemål

Ein elev kan berre få førstegongsvitnemål ein gong, bortsett frå ved endring av karakter(ar) etter klage.

Kravet om gjennomført vidaregåande opplæring på normal tid kan bli utvida til maksimalt fem år dersom det er dokumentert eitt av følgjande vilkår:

  • internasjonal utveksling
  • folkehøgskole
  • verneplikt
  • omsorgsarbeid med eit omfang på minst ni månader
  • omval av Vg1 eller Vg2
  • fråver på grunn av langvarig sjukdom
  • rett til ekstra opplæringstid etter reglane i opplæringslova § 3-1 femte ledd

Følgjande studium har ikkje kvote for førstegongsvitnemål:

  • politiutdanning
  • yrkesfaglærarstudium
  • desentraliserte og/eller deltids studium med minst eitt års yrkespraksis som spesielt opptakskrav
  • 2-årig trafikklærarstudium ved høgskolane i Akershus og Nord-Trøndelag