Praksiskvote til journaliststudia ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Høgskulen i Volda, Mediehøgskolen Gimlekollen og universiteta i Bergen, Nordland og Stavanger (studiekodar 184 454, 204 454, 215 454, 217 454, 223 454, 257 454 og 257 849)
Desse bachelorstudia har kvotar på inntil 10% av studieplassane for søkjarar som får godkjent minimum eit halvt år samanhengande journalistisk fulltidspraksis. Lærestaden avgjer om praksisen kan godkjennast.
Alle søkjarane må fylle krava til generell studiekompetanse eller få godkjent realkompetanse for studiet. I tillegg til praksiskvoten har journalistutdanningane 50% kvote for førstegongsvitnemål.
Krav til dokumentasjon
Arbeidspraksis skal dokumenterast med datert attest som spesifiserer arbeidsinnhald (kva oppgåver søkjaren har hatt) og omfang (stillingsstorleik eller stillingsprosent, evt. timar pr. veke) og lengda av arbeidsforholdet. Det må gå fram av attesten om arbeidet er lønna.
Praksis kan godkjennast fram til 1. august i søknadsåret, avhengig av fullstendig dokumentasjon.
Krav til omfang/innhald
Hovudregelen er at praksis skal ha vore lønna og viktigaste gjeremål for søkjaren. Minste teljande arbeidsforhold er full stilling i eit halvt år. Arbeidet skal vere sjølvstendig og av redaksjonell journalistisk art i avis/nettavis, tidsskrift, vekepresse, radio eller fjernsyn og bli dekka av redaktørplakaten. Det er krav om å lage og produsere eige stoff.
Arbeid som fotojournalist eller pressefotograf, deskarbeid i avis, tidsskrift og vekepresse kan bli godkjent. Frilansarbeid kan godkjennast dersom dokumentasjonen viser at arbeidet har vore lønna, viktigaste gjeremål og utgjer full stilling i minimum eit halvt år. Dessutan må det gå tydeleg fram at krava til innhaldet av arbeidet og føresetnadene elles er oppfylte.
Praksis som ikkje gjev poeng
Det blir ikkje gjeve praksispoeng for arbeid med avgrensa stoffområde i gratispublikasjonar og i medlemsblad (som ikkje står i fagpressekatalogen) eller liknande. Det blir heller ikkje gjeve poeng for arbeid i internavis/-tv, ulønna arbeid i studentavis/-radio/-tv, informasjonsarbeid, reklame og PR-arbeid.
Administrativt arbeid, kontorarbeid og teknisk arbeid, t.d. som programingeniør og script, gjev ikkje poeng.
Poengutrekning
Det blir gjeve 2 poeng pr. halvår i inntil 3 år, slik at det kan tildelast maksimalt 12 poeng for praksis. Innanfor kvoten kjem praksispoenga i tillegg til den ordinære poengsummen. Det blir ikkje gjeve alderspoeng i praksiskvoten.
Søkjarar i praksiskvoten konkurrerer òg i ordinær kvote/førstegongsvitnemålskvote, men då berre etter dei vanlege reglane for poengutrekning – utan tillegg av praksispoeng.
Har du spørsmål om praksiskvoten, ta kontakt med ein av lærestadene som tilbyr journaliststudiet.
Minoritetskvote til journaliststudiet ved Høgskolen i Oslo og Akershus (studiekode 215 454)
Inntil 5 studieplassar for søkjarar med ikkje-vestleg minoritetsbakgrunn.