Oversikt over studiane som blir tilbode i opptaket 2012
Sjå studiumtabellen 2012 for ein oversikt over studiane som blir tilbode i 2012
Legg studiet på nettskjema
Viss du først opner eller lagar søknad kan du klikke direkte på den sekssifra studiekoden i lærestadtabellane for å leggje studiet inn på søknaden.
Ver merksam på at nokre søkjarar og studiar har søknadsfrist 1. mars.
Etter søknadsfristen 15. april er det ikkje mogeleg å føre opp nye studium på nettsøknaden. Du kan omprioritere dei studia du allereie har på skjemaet fram til 1. juli.
Poenggrensene 2011
Poenggrenser 2011 viser poenggrensene i høvesvis ordinær kvote og kvote for førstegongsvitnemål etter det nasjonale suppleringsopptaket i 2011. Søkjarar kan ha kome inn med lågare poengsummar enn desse ved seinare lokale suppleringsopptak.
Viss det står opent i denne kolonnen, var det på førehand fastsatt at alle studiekvalifiserte skulle få tilbod om studieplass.
Viss det står alle, fekk alle studiekvalifiserte tilbod i 2011.
Viss feltet er blankt, var det ikkje noko opptak i denne kvoten i 2011.
Viss det står nytt, er studiet nyoppretta i 2012, eller så var det ikkje med i det samordna opptaket i 2011, eller så var opptaket til studiet omorganisert sidan 2011.
Verdiane opent eller alle tyder ikkje naudsynlegvis at studiet vil vere opent eller at alle vil koma inn også i 2012.