Reservert studieplass frå 2011
Har du reservert studieplass frå i fjor, må du søkje innan 15. april (1. mars for søkjarar til Politihøgskolen og luftfartsfag ved UiT). Du er garantert å få tilbod om den reserverte plassen så lenge du følgjer prosedyrane med å søkje innan 15. april (evt 1. mars), sende inn følgjeskjema og svare innan fristen. Du skal ikkje krysse av for tidleg opptak på søknaden.
For den reserverte studieplassen er det nok at du saman med følgjeskjema legg ved ein kopi av brevet frå lærestaden der du fekk studieplassen reservert.
Viss du samstundes ønskjer å søkje andre studium i år, må du prioritere desse føre studiet der du har reservert plass. For dei nye studieønskja må du saman med følgjeskjemaet leggje ved vitnemål, attestar og eventuell annan dokumentasjon, og følgje vanleg prosedyre. Viss du får tilbod om opptak på eit av dei nye studieønskja, mistar du den reserverte studieplassen.
Reservering av studieplass til 2013
Du kan søkje om å få reservert ein tildelt studieplass til året etter ved innkalling til militær-/sivilteneste, graviditet eller andre vektige grunnar. Søknaden må dokumenterast med tenesteinnkalling, legeattest e.a. og sendast innan 3 veker etter at du fikk tilbodet.
Søknadssskjema for reservering av studieplass finn du her når svar på hovedopptaket blir lagt ut ca. 20 juli.
Søknaden skal sendast til lærestaden der du fekk tildelt studieplassen, ikkje til Samordna opptak.
Du må svare JA til tilbud om studieplass uavhengig av søknaden om reservert studieplass.
Har du fått studieplassen via Restetorget, kan du ikkje reservere den.