Studieløp og gradsstruktur

Her finn du ei oversikt over dei ulike studieløpa og gradane i det samordna opptaket

Bachelorstudium

Eit bachelorstudium er eit 3-årig studieprogram. Bachelorgraden kan du etter visse reglar byggje ut til mastergrad og vidare til doktorgrad (ph.d.).

Nokre av bachelorprogramma har ei fast oppbygging, i andre kan du velje mellom ulike emne etter å ha gjennomført første del av studiet. I studieprogramma der du kan velje friare, må du setje saman studiet etter retningsliner gitt av lærestaden for å oppnå bachelorgraden.

Nærare informasjon om studia finn du på lærestadene sine nettsider og studiekatalogar.

I Søkerhandboka blir dei ulike bachelorstudia presenterte innafor ulike tematiske kategoriar i lærestadtabellane.

Masterstudium

Eit masterstudium er eit 2-årig fulltidsstudium (tidlegare hovudfagsstudium). Studiet byggjer på fagleg fordjuping i bachelor-/cand.mag.-graden og omfattar mellom anna eit sjølvstendig arbeid.

Universiteta, vitskaplege høgskolar og mange statlege høgskolar tilbyr masterstudium som ikkje skal søkjast gjennom Samordna opptak, men på eige skjema direkte til lærestaden. (Men sjå om 5-årige profesjonsstudium under.)

Oversikter og nærare informasjon finn du på lærestadene sine nettsider og studiekatalogar.

Yrkesutdanning/profesjonsstudium

Profesjonsstudia er kjenneteikna av fastlagde fagplanar over fleire år innafor eitt fagområde. 3-årig profesjonsstudium gir ein bachelorgrad. Døme på slike studium er sjukepleiarutdanning og sosionomutdanning.

Mange av høgskolane har 4-årige lærarutdanningar. Kandidatane kan få tildelt graden bachelor etter 3 år dersom utdanninga fyller krava til graden bachelor i følgje høgskolen si forskrift. Allmennlærarkompetanse oppnår ein først etter 4 år.

5-årige profesjonsstudium (integrert mastergrad) finn du særleg ved universiteta innafor desse fagområda: farmasi, fiskerifag, informatikk, ingeniørfag, jus, odontologi, lærarutdanning og samfunnsøkonomi.

6-årige profesjonsstudium gir eigne gradar. Medisin, veterinær, psykologi og teologi gir gradane cand. med., cand.med.vet., cand. psychol. og cand. theol. Nokre av desse kan ha eige opptak undervegs i studiet.

Kandidatstudium

Det finst ei rekke 2-årige fulltidsstudium ved høgskolane som gir tittelen høgskolekandidat.

Årsstudium

Det finst òg ei rekke årsstudium ved lærestadene. Mange av dei kan inngå i ein bachelorgrad. I tillegg kan nokre av dei vere grunnlag for eit profesjonsstudium i faget, til dømes psykologi.

Examen philosophicum

Examen philosophicum (ex.phil.) og examen facultatum (ex.fac.) er emne som inngår i dei fleste universitetsstudia. Ex.phil. og ex.fac. kan ikkje søkjast gjennom Samordna opptak.

Dersom du berre ønskjer å ta ex.phil./ex.fac eller andre kortvarige studietilbod, må du ta kontakt med aktuell lærestad for å få informasjon om opptak.

Powered by Vortex