Viss du meiner det er gjort feil i behandlinga av søknaden din, må du først kontakte institusjonen som har behandla dei studieønska du meiner er feilbehandla. Som oftast er dette ein lærestad, men det kan òg vere Samordna opptak eller Opptakssentralen medisin.
I nokre tilfelle, ved særskilt eller individuell vurdering, skal klagen sendast til andre enn din saksbehandlande institusjon. Nærare informasjon om dette finn du i svarbrevet.
Be om grunngjeving først
Skriv eit brev og be om ei grunngjeving for vedtaket som er gjort. Da kan det bli avklart om det er gjort ein feil, eller om du har mistydd reglane.
Klage
Er du ikkje nøgd med grunngjevinga, har du rett til å klage (jf forvaltningslova § 28). Du må sende klagen seinast 3 veker etter at brevet med grunngjevinga kom til den adressa du hadde ført opp.
Klagen skal sendast til den institusjonen du har fått grunngjevinga frå. Du må gjere greie for kva du klagar på og kva for studium klagen gjeld.
Viss institusjonen ikkje gjer om vedtaket sitt, blir klagen sendt vidare til Nasjonal klagenemnd.
