print logo

Elektronisk vitnemål

Elektronisk vitnemål er ein elektronisk kopi av vitnemålet ditt sendt frå norsk vidaregåande skule til Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB).

Har du fullført norsk vidaregåande skule i år 2000 eller seinare, kan du ha elektronisk vitnemål. Vidaregåande skular leverer elektroniske vitnemål frå skulenes system via fylkeskommunen til NVB

Elektroniske vitnemål blir kontrollert av eit program før dei blir lagra.

Elektroniske vitnemål nyttast til automatisk poengrekning og saksbehandling av søknaden din i det samordna opptaket.

Kva må du sjølv gjere?

Du må dokumentere at du dekkjer opptakskrava. Du må sjølv sjekke at du har eller får elektronisk vitnemål i NVB og at du har generell studiekompetanse. For å sjå om vitnemålet ditt ligg i NVB må du logge deg inn i søkerportalen med ID-porten.

Finn du ikkje vitnemålet ditt, må du kontakte den vidaregåande skulen din og sjekke om skulen har høve til å lagre vitnemålet ditt i NVB. 

Viss du ikkje har elektronisk vitnemål i NVB, må du laste opp kopi av papirvitnemålet ditt i søknaden din.

Du kan til dømes ta eit bilde av papirvitnemålet med mobiltelefon og laste det opp under "Dokument" i søknaden din. Dei opplasta vitnemål blir saksbehandla manuelt. 

Kompetansebevis ligg ikkje NVB. Dette må du laste opp i søknaden din.

Er du avgangselev i år?

Viss du er avgangselev på vidaregåande skule i år, må du sjølv sjekke at du får eit elektronisk vitnemål i NVB innan 1. juli.

Har du ikkje fått eit elektronisk vitnemål innan 1. juli, må du laste opp eit bilete eller PDF av vitnemålet ditt i søknaden.

Lastar du sjølv opp vitnemålet ditt i søknaden, blir det ikkje lagra i NVB. Det er berre vidaregående skular som kan lagre elektroniske vitnemål i NVB.

Finn du feil på vitnemålet?

Finn du feil på vitnemålet ditt, må du kontakte din vidaregåande skule og be dei rette det.

Vitnemål som er annullert av skulen din er ikkje gyldig dokumentasjon. Dette gjeld både elektroniske vitnemål, utskrift av vitnemål eller vitnemål du har lasta opp.

Sjå vitnemålet ditt

Sjå vitnemålet i
søkerportalen.
 

Utskrift eller PDF av elektronisk vitnemål frå NVB er ikkje gyldig som dokumentasjon. Det er berre den vidaregåande skulen som kan skrive ut vitnemål som er gyldig som dokument.