print logo

Ledige studieplassar

Etter hovudopptaket kan du søkje på ledige studieplassar.

Etter hovudopptaket er det kvart år nokre ledige studieplassar på dei ulike universiteta og høgskulane. Alle kan søkje på dei ledige studieplassane frå og med 20. juli. Det er berre studium der det framleis er ledige plassar det er mogleg å søkje på.

Når kan du søkje på ledige studieplassar?

19. juli blir det lagt ut ei liste over ledige studieplassar. Då har du ein dag på deg til å sjå om det er nokre ledige studieplassar du ønskjer å søkje på. Har du ikkje søkt tidlegare i år kan du òg registrere deg som søkjar denne datoen.

Frå 20. juli kl. 09.00 kan du søkje på ledige studieplassar. Det er løpande opptak til dei ledige plassane. Det vil seie at du må søkje så raskt som mogleg frå dette tidspunktet. Viss det er fleire søkjarar enn ledige studieplassar, vil ikkje alle få tilbod om studieplass. Det er dei første som har søkt som blir vurdert for tilbod.

Lista over ledige studieplassar blir oppdatert jamleg, og det kan kome nye studium på lista etter 19. juli.

Ofte stilte spørsmål og svar om ledige studieplassar.

Korleis søkjer du på ledige studieplassar?

For å søkje på ein ledig studieplass må du

  • dekke opptakskrava
  • ha rett dokumentasjon klar til opplasting
  • kunne logge deg inn via ID-porten viss du har norsk fødselsnummer

Har du søkt tidlegare i år, må du logge deg inn på søknaden din og gå til "Søknad" for å leggje til ledige studieplassar du vil søkje på.

Du kan søkje inntil 10 ledige studieplassar og du kan få tilbod på alle 10. Du kan berre takke ja til eitt tilbod.

Det blir normalt ikkje gjeve ledige studieplassar på grunnlag av realkompetanse.

Mistar du studieplassen viss du søkjer ledige studieplassar?

Du mistar ikkje tilbodet frå hovudopptaket sjølv om du søkjer ledige studieplassar, men det er viktig at du passar på to ting viss du søkjer ledige studieplassar:

  • Viss du svarar ja på eit nytt studietilbod, mistar du tilbodet du allereie har fått.
  • Får du eit nytt tilbod etter suppleringsopptaket eller seinare, må du aktivt takke ja til ein eventuell ventelisteplass på nytt. Dette må du gjere sjølv om du ikkje ønskjer å takke ja til tilbodet du har fått om ledige studieplassar.

Får du eit tilbod om ein ledig studieplass kan du framleis behalde ventelisteplassen din, men da må du aktivt takke ja til ventelisteplass på nytt. Dette må du gjere sjølv om du ikkje ønskjer å takke ja til tilbodet du har fått om ledig studieplass.

Publisert 14. jan. 2013 15:16 - Sist endra 28. juli 2016 13:57