Universitet og høgskole - Ledige studieplassar

Etter hovudopptaket kan du søkje på ledige studieplassar.

Ikon for universitet og høgskole

Etter hovudopptaket i juli er det kvart år nokre ledige studieplassar på dei ulike universiteta og høgskulane. Alle kan søkje på dei ledige studieplassane frå og med 20. juli. Det er berre studium der det framleis er ledige plassar det er mogleg å søkje på. Lærestadene oppgjer løpande kva studium som har ledige studieplassar, og dette kan endre seg frå dag til dag.

Når kan du søkje på ledige studieplassar?

19. juli blir lista over ledige studieplassar lagt ut. Då har du ein dag på deg til å sjå om det er nokre ledige studieplassar du ønskjer å søkje på. 

Frå 20. juli kl. 09.00 kan du søkje på ledige studieplassar. Det er løpande opptak til dei ledige plassane. Det vil seie at du må søkje så raskt som mogleg frå dette tidspunktet. Viss det er fleire søkjarar enn ledige studieplassar, vil ikkje alle få tilbod om studieplass. Det er dei første som har søkt som blir vurdert for tilbod.

Lista over ledige studieplassar blir oppdatert jamleg, og det kan kome nye studium på lista etter 20. juli.

Når lærestadene har fylt opp studia, blir lista over ledige studieplassar fjerna.

Ofte stilte spørsmål og svar om ledige studieplassar.

Korleis søkjer du på ledige studieplassar?

For å søkje på ein ledig studieplass må du

  • dekke opptakskrava
  • ha rett dokumentasjon klar til opplasting

Har du søkt tidlegare i år, må du logge deg inn på søknaden din og gå til "Søknad" for å leggje til ledige studieplassar du vil søkje på.

Merk at du berre kan søkje maks 10 ledige studieplassar. Du kan få tilbod på alle 10, men du kan berre takke ja til eitt tilbod. Viss du til dømes får tilbod på alle 10, kan du ikkje søkje fleire ledige studieplassar sjølv om du takker nei til alle 10 tilboda. 

Det blir normalt ikkje gjeve ledige studieplassar på grunnlag av realkompetanse.

Mistar du studieplassen viss du søkjer ledige studieplassar?

Du mistar ikkje tilbodet frå hovudopptaket sjølv om du søkjer ledige studieplassar, men det er viktig at du passar på to ting viss du søkjer ledige studieplassar:

  • Viss du svarar ja på eit nytt studietilbod, mistar du tilbodet du allereie har fått.
  • Får du eit nytt tilbod etter suppleringsopptaket eller seinare, må du aktivt takke ja til ein eventuell ventelisteplass på nytt. Dette må du gjere sjølv om du ikkje ønskjer å takke ja til tilbodet du har fått om ledige studieplassar.
Publisert 14. jan. 2013 15:16 - Sist endra 3. des. 2021 10:26