print logo

Reservasjon av studieplass

Du kan få reservert studieplassen din til neste år på grunn av innkalling til militærteneste, fødsel, adopsjon eller andre tungtvegande grunnar.

Korleis reservere studieplassen

For å reservere studieplassen du har fått, må du sende ein søknad til lærestaden du har fått studieplass på. I søknaden må du legge ved dokumentasjon på kvifor du ønskjer å reservere plassen. Dette er til dømes tenesteinnkalling eller legeattest. Du må også legge ved søkjarnummer.

Skal du reservere studieplassen din, må du

  • takke ja til studietilbodet innan svarfristen
  • sende søknaden innan 3 veker etter at du fekk tilbodet

Søknad med vedlegg sender du til den lærestaden du fekk tilbod om studieplass ved, ikkje til Samordna opptak.

Du kan ikkje søkje om å reservere studieplassen viss du har fått opptak på vilkår (betinga opptak).

Fekk du reservert studieplass i fjor?

Fekk du reservert studieplassen din i fjor, er du garantert å få denne studieplassen i år dersom du

  • søkjer på samme studium innan søknadsfristen
  • svarar innan fristen

Viss det blir stilt andre krav i brevet du fekk frå lærestaden då du fekk reservert studieplass, må du også dekke desse.

Du kan søkje andre studium sjølv om du har fått reservert ein studieplass.

Søkjer du på andre studium, må du prioritere desse høgare enn studiet du har reservert. Då må du óg laste opp dokumentasjonen din på nytt. Dersom du får tilbod på eit av dei nye studieønska, mistar du den reserverte studieplassen.

 

Publisert 14. jan. 2013 16:50 - Sist endra 13. jan. 2016 15:13