Universitet og høgskole - Rett til å klage

Meiner du det er gjort feil i behandlinga av søknaden din, har du rett til å klage.

Ikon for universitet og høgskole

Du har etter forvaltningslova § 28 rett til å klage. Du bør klage så raskt som mogleg, og seinast tre veker etter at du fekk svar. I klaga må det kome klart fram kva du klagar på, og kva du meiner er gjort feil. Hugs å merke klaga med søknadsummeret ditt. 

Kvar sender du klaga?

Du må kontakte saksbehandlande institusjon viss:

  • du har spørsmål om saksbehandlinga
  • du ønskjer å klage på poengrekning
  • du ønskjer å klage på vedtak om at du er ukvalifisert
  • du er kvalifisert, men har fått avslag på særskilt vurdering

Saksbehandlaren din er som oftast ein lærestad, men kan òg vere Samordna opptak. Kven som er saksbehandlar finn du ved å logge deg inn på søknaden din.

Du må kontakte høgskulen eller universitetet som tilbyr studiet viss:

Om vedtaket blir endra og du skal ha eit anna tilbod, får du nytt svar i suppleringsopptaket eller seinare opptak.

Om vedtaket ikkje blir endra, har du rett til å sende ei ny klage. Saksbehandlaren din vil då sende klaga di vidare til nasjonal klagenemd.

 

Publisert 14. jan. 2013 15:32 - Sist endra 30. sep. 2022 08:29