print logo

Kva må du gjere medan søknaden din blir behandla?

Set deg nøye inn i kva du må laste opp i søknaden din og last opp dokumentasjon så tidleg som mogleg.

Kva blir du varsla om?

Viss du har lasta opp dokumentasjon, og det manglar noko i søknaden din, vil saksbehandlaren din sende deg ein e-post.
 
Lærestadane behandlar søknadar frå mars og heilt fram til opptaket. Ettersom saksbehandlarane har mange søknadar å behandle, kan ein slik e-post kome seint. Det er dessutan korte fristar for å laste opp ny dokumentasjon. 

Du vil ikkje få e-post om manglar du allereie har fått varsel om i søknaden. Viss du til dømes har elektronisk vitnemål og søkjer opptak til studium med spesielle opptakskrav, får du varsel i søknaden om er kvalifisert eller om du må laste opp meir dokumentasjon.  

Medan søknaden din blir behandla må du

  • sette deg nøye inn i "Sjå kva du må laste opp" i søknaden din
  • laste opp dokumentasjon så tidleg som mogleg og innan fristen
  • sjekke at kontaktinformasjonen din er rett på profilsida i søknaden din
  • sjekke e-posten din jamleg - sjølv om du er på ferie
  • sjekke søppelfilteret ditt jamleg

Meir om kva du må laste opp

 

Publisert 18. jan. 2013 11:17 - Sist endra 10. okt. 2017 09:24