print logo

Last opp dokumentasjon

Dokumentasjonen din avgjer om du er kvalifisert for studia du søkjer på. Du er sjølv ansvarleg for at dokumenta dine er lasta opp i søknaden innan fristen.

Når du har søkt, får du opp ei liste over kva du må dokumentere i søknaden. Om du må laste opp dokumentasjon avheng av

1

utdanningsbakgrunnen din og kva for studium du søkjer

2

om du har eller får elektronisk vitnemål i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB)

3

om du har krav som ikkje er merka med grøn hake på lista over kva du må laste opp i søknaden.

Er du avgangselev og får vitnemål i juni?

Du fullfører vidaregåande skule i år og får vitnemål som gir generell studiekompetanse. Du har ingen ekstra fag eller forbetringar på kompetansebevis. Dei fleste avgangselevar får vitnemål i slutten av juni når alle fag og eksamenar er bestått.

Dette må du gjere

1

Kryss av for at du fullfører vidaregåande skule i år på lista over kva du må laste opp i søknaden.

2

Du må sjølv sjekke om du får eit elektronisk vitnemål frå den vidaregåande skulen din i NVB innan 1. juli. Får du elektronisk vitnemål, kan du sjå dette i søknaden din. Er du usikker om du får eit elektronisk vitnemål, må du sjølv kontakte din vidaregåande skule.

3

Viss du ikkje har fått eit elektronisk vitnemål som du kan sjå i søknaden din innan 1. juli, må du laste opp eit bilete av papirvitnemålet ditt seinast 1. juli.

Har du elektronisk vitnemål som dekkjer alle opptakskrava?

Du er ferdig med vidaregåande skule, og skulen din har sendt inn eit eller fleire elektroniske vitnemål som du kan sjå i søknaden din. 

Dette må du gjere

1

Du må sjekke at du har elektroniske vitnemål som gir generell studiekompetanse i søknaden din.

2

Du må sjekke at du får ei grøn hake på alle obligatoriske felt under "Sjå kva du må laste opp" i søknaden. Har du krav som ikkje er merka med grøn hake, må du laste opp dokumentasjon. Har du dokumentasjon på nye fag og forbetringar, tilleggspoeng og kvotetilhøyrsle, må du laste opp dette. 

 

Har du krav i søknaden som ikkje er merka med grøn hake?

Dokumentasjonen din er ikkje automatisk lagra i søknaden og du må laste den opp. 

Dette må du gjere

1

Du må sjølv sjekke kva som vert krevd av dokumentasjon på kvart felt som ikkje er merka med grøn hake.

2

Du må laste opp rett dokumentasjon. Du kan til dømes ta eit bilete av papirdokumentet med mobil og laste det opp. Dokumentasjonen må vere av god kvalitet.

Dokumentasjonen må vere rett

Du må laste opp godkjent dokumentasjon.

Elektroniske vitnemål og dokumenter du sjølv lastar opp

Det er forskjell på elektroniske vitnemål lagra av vidaregåande skule i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB) og bilete av papirvitnemål du sjølv lastar opp. Lista du får i søknaden over kva du må laste opp hentar informasjon frå dei elektroniske vitnemåla som er lagra i NVB.

Søknaden vert ikkje automatisk oppdatert

Lastar du opp dokumentasjon i søknaden, får du ikkje grøn hake. Dette er fordi alle dokument du sjølv lastar opp i søknaden blir manuelt behandla av ein saksbehandlar.

Dokumentasjon på eit anna språk enn skandinavisk eller engelsk.

Viss du har dokumentasjon på eit anna språk enn skandinavisk eller engelsk, må du få den omsett. Omsetjinga kan vere på norsk, engelsk eller eit anna skandinavisk språk og må vere gjort av ein statsautorisert translatør eller eit omsettingsbyrå.

Du skal ikkje laste opp sensitiv dokumentasjon

All dokumentasjon som inneheld sensitive opplysningar, må du sende inn til saksbehandlar som papirkopiar i posten. Adresse finn du i søknaden din.

Dokumentasjon som du har sendt inn per post tidlegare år, vert ikkje lagra.

Kva er sensitiv dokumentasjon?

Dette er dokumentasjon som inneheld opplysningar om helseforhold, seksuelle forhold, rasemessig eller etnisk bakgrunn, eller politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning, om ein person har vore mistenkt, sikta, tiltalt eller dømt for ei straffbar handling og/eller medlemskap i fagforeiningar.

Fristar for dokumentasjon

Du er sjølv ansvarleg for å laste opp dokumentasjonen din innan fristen. Fristen for å laste opp dokumentasjon er anten 20. mars eller 10. mai. Har du utdanning og praksis du fullfører i vår, er siste frist for å laste opp 1. juli

Skal du laste opp dokumentasjon?

Sjå ein video som forklarar dei viktigaste trinna.

 
Last ned mediefil

Meir om dokumentasjon

Har du forbetra karakterar eller teke nye fag i vidaregåande skule?

Viss du har forbetra karakterane dine, vert ikkje desse automatisk oppdatert på eit elektronisk vitnemål. Karakterforbetringar av fag du har tatt tidlegare kan du dokumentere ved å laste opp kompetansebeviset. Har du teke fag som ikkje er forbetringar av fag du har frå før og som ikkje gjev språkpoeng eller realfagspoeng, må du dokumentere desse på eit nytt vitnemål.

Meir om forbetringar og nye fag.

 

Har du teke fag på høgskule eller universitet?

Har du bestått emne på eit norsk universitet eller høgskule, er det mogleg at saksbehandlar kan hente informasjon om dette. 

I søknaden kan du krysse av for at du gjev samtykke til at sakshandsamar kan nytte resultata dine frå høgare utdanning i behandlinga av søknaden. I Vitnemålsportalen ser du kva for resultat saksbehandlar kan hente. Når du har gjeve samtykke, vert resultata automatisk sendt til saksbehandlaren din. Har du bestått andre emner enn dei du kan sjå i Vitnemålsportalen, og vil ha dei med i behandlinga av søknaden, må du sjølv laste opp dokumentasjon på dette.

Har du bestått fag på eit godkjent utanlandsk universitet eller college?

 

Du kan sjå om tilleggspoeng er registrert i søknaden

I søknaden kan du sjå om du tidlegare har fått tilleggspoeng for høgare utdanning, militærteneste eller folkehøgskule. Viss det står i søknaden at du har fått 2 tilleggspoeng for dette tidlegare, treng du ikkje laste opp dokumentasjon på nytt.

Viss den same dokumentasjonen er grunnlag for godkjenning av spesielle opptakskrav, eller naudsynt for å dokumentere praksis til 23/5-regelen, må du laste opp dokumentasjon for høgare utdanning, militærteneste eller folkehøgskule på nytt.

Meir om tilleggspoeng

 

Dokumentasjonen vert kontrollert.

Eit vitnemål eller dokument er falskt dersom det inneheld skriftleg eller digital dokumentasjon som ikkje er sannferdig, eller dersom innhaldet i eit opphavleg, skriftleg eller digitalt, vitnemål eller dokument er manipulert eller endra.

All dokumentasjon vert kontrollert av saksbehandlar, og i tvilstilfelle kan du bli bedt om å sende inn originalar. I løpet av det første semesteret vil alle lærestadene be eit tilfeldig utplukk av nye studentar om å syne originale vitnemål og attestar. Urette eller misvisande opplysningar kan føre til at du mistar retten til å fullføre eit studium. Falsk dokumentasjon vil bli ramma av straffeloven § 361 første ledd, bokstav a og b, og blir alltid politimeldt.

Har du spørsmål om søknaden din?

Du finn som regel svar i ofte stilte spørsmål.