print logo

Korleis dokumenterer du arbeidspraksis?

A

Lønna arbeid

Lønna arbeid dokumenterer du med arbeidsattest der det står:

  • startdato og sluttdato for arbeidsperioda

  • kor stort omfang stillinga hadde, i timar per veke eller i stillingsprosent

Sjølvstendig næringsverksemd dokumenterar du med attest frå Skatteetaten og føretaksregister.
 

B

Læretid

Læretid i bedrift dokumenterer du med attest fra arbeidsgjevar. Fagbrev eller sveinebrev er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon.

 

C

Frivillig arbeid

Ulønna frivillig arbeid dokumenterer du med attest der det står:

  • startdato og sluttdato for arbeidsperioda

  • kor stort omfang stillinga hadde, i timar per veke eller i stillingsprosent

 

D

Omsorgsarbeid

Omsorgsarbeid dokumenterer du med:

  • bustadattest frå Skatteetaten for søkjar og born som viser at de har budd på samme adresse, eller

  • attest fra lege eller liknande som viser omsorgsarbeid for nært familiemedlem.

Publisert 21. jan. 2013 14:31 - Sist endra 11. sep. 2015 14:10