Universitet og høgskole - Slik dokumenterer du militær- og sivilteneste

Ikon for universitet og høgskole

Du må laste opp rett dokumentasjon på militær- og/eller sivilteneste. Dokumentasjonen må vere stempla og signert, eller elektronisk godkjent.

A

Militærteneste dokumenterer du med:

  • Bevis på avtent tid i førstegongsteneste eller
  • Militært tenesteutsegn eller
  • Militært tenestebevis 

Beviset eller utsegnet har hatt fleire namn, men alle er på blankett 0543.

Har du gått Befalsskole eller sersjantkurs, må du anten laste opp vitnemål og tenesteutsegn, eller blankett 0543.

Attestar, vernepliktsbok, diplom for vernedyktigheitsmedalje og liknande er ikkje tilstrekkeleg som dokumentasjon på militærteneste.

Manglar du rett dokumentasjon på militærteneste, må du kontakte di rulleførande eining.

Mellombels tenesteutsegn / midlertidig tjenesteuttalelse

Avsluttar du tenesta etter opplastingsfristen, må du laste opp mellombels tenesteutsegn for å få tilleggspoeng. Mellombels tenesteutsegn skal vere på samme blankett som ordinært "Bevis på avtent tid i førstegongsteneste".

B

Sivilteneste dokumenterer du med:

  • Sivilt tenestebevis

Om du ikkje har eit Sivilt tenestebevis, må du kontakte Vernepliktsverket eller Forsvaret for å få ein attest på gjennomført sivilteneste. Gjennomførte du siviltenesta før 2003, må du kontakte Statsarkivet for å få ein attest.

Publisert 21. jan. 2013 14:31 - Sist endra 7. des. 2023 09:55