Universitet og høgskole - Tidleg opptak

Du kan få svar på søknaden allereie rundt 20. mai.

Ikon for universitet og høgskole

Korleis søkjer du tidleg opptak?

Du må søkje, og krysse av for tidleg opptak i søknaden seinast 1. mars.

Du registrerer først ein søknad. Deretter kryssar du av for tidleg opptak, og vel grunnlaget du skal søkje om tidleg opptak på. Det er ditt ansvar og sørgje for at du har søkt om tidleg opptak innan fristen, og fått ei kvittering. Alle studieønske må vere lagt til innan 1. mars. Du kan framleis leggje til studieønske i søknaden din etter 1. mars, men du kan ikkje få tidleg opptak på desse studieønska.

Søkjer du tidleg opptak, må du ha lastet opp all dokumentasjonen din seinast 20. mars.

Fristen for å omprioritere studium til tidlegopptaket er seinast 10. mai.

Kven kan søkje tidleg opptak?

For å søkje tidleg opptak må du dokumentere minst éin av desse grunnane:

A

Du er i jobb og har oppseiingstid, eller må søkje permisjon. Dette dokumenterar du med ein attest frå arbeidsgjevar om oppseiingstid eller permisjon, eller arbeidskontrakt og lønsslipp frå den siste månaden.

B

Du er sjølvstendig næringsdrivande og skal avvikle verksemda i samband med studium. Dette dokumenterar du med ein attest frå Skatteetaten eller føretaksregister om sjølvstendig næringsverksemd.

C

Du må flytte med familie på grunn av jobb, barnehageplass eller skulebyte. Dette dokumenterar du med ein bustadsattest frå Skatteetaten for deg og borna, eller deg og ektefelle/sambuar.

D

Du har behov for særskilt tilrettelegging på studiestaden. Høyr fyrst med lærestaden om det allereie er tilrettelagt for behova dine. Viss ikkje, dokumenterar du behovet med ein attest frå sakkunnig, til dømes lege. Attestar som inneheld sensitive personopplysningar, kan du ikkje laste opp i søknaden. Du må sende dette per post til sakshandsamar. Adressa finn du i søknaden din.

E

Du må søkje opphaldsløyve for å studere. Viss du har mellombels opphaldsløyve, skal du dokumentere dette med opphaldskort. Om du ikkje har opphaldsløyve i Noreg, er det tilstrekkeleg at du har den utanlandske adressa du bur på registrert i søknaden. Dette gjeld ikkje for søkjarar frå EU/EØS-land.

 

Skal du søkje tidleg opptak, må du vere kvalifisert til studiet når du søkjer. Du har derfor ikkje høve til å få tidleg opptak viss du skal ta fag, kurs eller språktestar våren du søkjer opptak.

For å få tidleg opptak til eit studium må du ha ein poengsum som ville ha vore i øvre halvdel blant søkjarane som blei tekne opp til studiet i fjor. Du kan normalt ikkje få tidleg opptak dersom vi ikkje kan poengrekne søknaden din.

Ikkje alle studium har tidleg opptak

Nye studium har inga tidlegare poenggrense å måle søkjarar opp mot. Du får derfor normalt ikkje tidleg opptak til nye studium. 

Studium med opptaksprøve har ikkje tidleg opptak. 

Når får du svar på om du har fått tidleg opptak?

Svaret får du i søknaden rundt 20. mai. Dersom du ikkje får tidleg opptak, blir søknaden din overført til hovudopptaket 20. juli.

Viss du får tidleg opptak på eit lågare prioritert studieønske, og ikkje lengre er interessert i opptak til høgare prioritetar, må du omprioritere studieønska innan 1. juli slik at den studieplassen du har fått blir fyrsteprioriteten din.

Du må svare innan 24. juli om du tek imot plassen.

Publisert 16. jan. 2013 19:16 - Sist endra 11. mars 2024 16:14