print logo

Tidleg opptak

Du kan få svar på søknaden allereie rundt 20. mai.

Korleis søkjer du tidleg opptak?

Du må søkje, og krysse av for tidleg opptak i søknaden seinast 1. mars.

Du registrerer først ein søknad. Deretter kryssar du av for tidleg opptak, og vel grunnlaget du skal søkje om tidleg opptak på. Det er ditt ansvar og sørgje for at du har søkt om tidleg opptak innan fristen, og fått ei kvittering.

Søkjer du tidleg opptak, må du ha sendt all dokumentasjonen din seinast 20. mars.

Kven kan søkje tidleg opptak?

For å søkje tidleg opptak må du dokumentere minst éin av desse grunnane:

A

Du er i jobb og har oppseiingstid, eller må søkje permisjon. Dette dokumenterar du med ein attest frå arbeidsgjevar om oppseiingstid eller permisjon, eller arbeidskontrakt og lønsslipp frå den siste månaden.

B

Du er sjølvstendig næringsdrivande og skal avvikle verksemda i samband med studium. Dette dokumenterar du med ein attest frå Skatteetaten eller føretaksregister om sjølvstendig næringsverksemd.

C

Du må flytte med familie på grunn av jobb, barnehageplass eller skulebyte. Dette dokumenterar du med ein bustadsattest frå Skatteetaten for deg og borna, eller deg og ektefelle/sambuar.

D

Du har behov for særskilt tilrettelegging på studiestaden. Dette dokumenterar du med ein attest frå sakkunnig, til dømes lege. Attestar som inneheld sensitive opplysningar, kan du ikkje laste opp i søknaden. Du kan høyre fyrst med lærestaden om det allereie er tilrettelagt for behova dine.

E

Du må søkje opphaldsløyve for å studere. Dette dokumenterar du med ein kopi av opphaldskort eller relevante sider i passet. Dette gjeld kun søkjarar med mellombels opphaldsløyve eller søkjarar som ikkje har opphaldsløyve i Noreg. Dette gjeld ikkje for søkjarar frå EU/EØS-land.

 

Skal du søkje tidleg opptak, må du vere kvalifisert til studiet når du søkjer. Du har derfor ikkje høve til å få tidleg opptak viss du skal ta fag, kurs eller språktestar våren 2016.

For å få tidleg opptak til eit studium må du ha ein poengsum som ville ha vore i øvre halvdel blant søkjarane som blei tekne opp til studiet i fjor.

Studium med opptaksprøve har ikkje tidleg opptak.

Når får du svar på om du har fått tidleg opptak?

Svaret får du i søknaden rundt 20. mai. Dersom du ikkje får tidleg opptak, blir søknaden din overført til hovudopptaket 20. juli.

Viss du får tidleg opptak på eit lågare prioritert studieønske, og ikkje lengre er interessert i opptak til høgare prioritetar, må du omprioritere studieønska innan 1. juli slik at den studieplassen du har fått blir fyrsteprioriteten din.

Du må svare innan 26. juli om du tek imot plassen.

Publisert 16. jan. 2013 19:16 - Sist endra 13. jan. 2016 17:25