1. juli

Siste frist for å omprioritere studieønska dine. 

Ikon for universitet og høgskole

Universitet og høgskole

Du kan omprioritere fram til 1. juli kl. 23:59.

Kva for rekkefølgje du har på studieønska dine er viktig, fordi ved tilbod fell lågere prioriterte studieønske vekk. Det vil seie at dersom du får tilbod frå førstevalet ditt, fell alle dei andre studieønska dine automatisk vekk. Du kan heller ikkje takke ja eller sette deg på venteliste til studieønske som har falle vekk på grunn av tilbod på høgare prioriterte studieønske.

For å omprioritere loggar du deg inn på søknaden. Gå til "Se søknad"  og "Endre" for å endre rekkefølgje på studia. Trykk "Vidare" og til slutt "Send inn" for å lagre endringane slik at du får ei kvittering.

Det er ditt ansvar å sjekke at du får ei kvittering for endringane i "Meldingar" og at desse endringane er rett.

Siste frist for å slette studieønske er 12. juli kl. 23:59.

Publisert 16. jan. 2013 16:19 - Sist endra 8. jan. 2024 13:56