Ca. 29. juli

Suppleringsopptak. Det er berre nokre søkjarar som får svar i suppleringsopptaket.

Ikon for universitet og høgskole

Universitet og høgskole

Det er berre søkjarar som får nytt tilbod eller som har blitt studiekvalifiserte etter hovudopptaket, som får svar i suppleringsopptaket.

Viss du får eit nytt tilbod i suppleringsopptaket, mistar du automatisk den tidlegare tildelte studieplassen. Det er difor viktig at du tenker deg nøye om dersom du takkar ja til både tilbod og venteliste. Svarfristen for hovudopptaket er 24. juli. Trekk du deg frå ventelista etter 24. juli, kan du risikere at du likevel blir med i suppleringsopptaket med studiet eller studia du har takka ja til venteliste på.

Søkjarar som får eit nytt tilbod eller blir studiekvalifiserte etter hovudopptaket vil få e-post når svaret er klart. Svaret registrerer du i søknaden din.

Viss du ikkje har fått nytt svar, har du ikkje fått eit nytt tilbod. Du kan framleis stå på venteliste til eventuelle etterfyllingsopptak.

 

Publisert 16. jan. 2013 16:20 - Sist endra 7. des. 2023 15:34