Forbetring av karakterer og nye fag

Viss du har forbetra karakterar i fag som inngår i kvalifikasjonsgrunnlaget ditt, blir desse rekna med.

Har du forbetra karakterane på dokumentasjonen som kvalifiserer deg for opptak? Da blir tidlegare karakterar i same fag erstatta med dei nye karakterane når me reknar ut karakterpoenga dine. 

Karakterforbetringar av fag du har tatt tidlegare, og som inngår i kvalifikasjonsgrunnlaget ditt, kan du dokumentere ved å laste opp kompetansebevis. Viss du har forbetra karakterane dine, vert ikkje desse automatisk oppdatert på eit elektronisk vitnemål.

Har du teke fag som ikkje er forbetringar av fag du har frå før, må du dokumentere desse på eit nytt vitnemål.

Ønskjer du å bytte ut fag på vitnemålet ditt?

Ønskjer du å bytte ut eitt eller fleire fag på vitnemålet ditt med nye fag, er det den vidaregåande skulen eller fylkeskommunen som avgjer kva du kan bytta ut. Den vidaregåande skulen din må i så fall skriva ut eit nytt vitnemål til deg etter Kunnskapsløftet.

Publisert 8. mai 2025 10:49 - Sist endra 21. jan. 2026 08:47