Læretid
Læretid i bedrift dokumenterer du med attest fra arbeidsgjevar. Fagbrev eller sveinebrev er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon.
Lønna arbeid
Lønna arbeid dokumenterer du med arbeidsattest der det står:
- startdato og sluttdato for arbeidsperioda og
- kor stort omfang stillinga hadde, i timar per veke eller i stillingsprosent og
- fullt namn til bedrifta og
- fullt namn og stilling til den som har signert attesten og
- dato for utferding av dokumentet
Sjølvstendig næringsverksemnd
Sjølvstendig næringsverksemnd dokumenterer du med utskrift frå Einingsregisteret (Brønnøysundregistera).
Omsorgsarbeid
Omsorgsarbeid dokumenterer du med:
- bustadattest frå Skatteetaten for søkjar og barn som viser at de har budd på samme adresse, eller
- attest fra lege eller liknande som viser omsorgsarbeid for nært familiemedlem.
Frivillig arbeid
Uløna frivillig arbeid dokumenterer du med attest der det står: