Sjå vitnemålet ditt
Har du fullført norsk vidaregåande skole i år 2000 eller seinare, kan du ha elektronisk vitnemål.
Sjå vitnemålet i søkjarportalen.
Utskrift eller PDF av elektronisk vitnemål frå NVB er ikkje gyldig som dokumentasjon. Det er berre den vidaregåande skulen som kan skrive ut vitnemål som er gyldig som dokument.
Kva må du sjølv gjere?
- Du må dokumentere at du dekkjer opptakskrava. Du må sjølv sjekke at du har eller får elektronisk vitnemål i NVB og om det dekkjer opptakskrava.
- For å sjå om vitnemålet ditt ligg i NVB må du logge deg inn i søkjarportalen. Finn du ikkje vitnemålet ditt, må du kontakte den vidaregåande skulen din og sjekke om skulen har høve til å lagre vitnemålet ditt i NVB.
- Viss du ikkje har elektronisk vitnemål i NVB, må du laste opp kopi av papirvitnemålet ditt i søknaden din. Du kan til dømes ta eit bilde av papirvitnemålet med mobiltelefon og laste det opp under "Dokument" i søknaden din. Dei opplasta vitnemåla blir saksbehandla manuelt.
- Kompetansebevis ligg ikkje NVB. Dette må du laste opp i søknaden din.
- Lastar du sjølv opp vitnemålet ditt i søknaden, blir det ikkje lagra i NVB. Det er berre vidaregåande skular som kan lagre elektroniske vitnemål i NVB.
Finn du feil på vitnemålet?
- Finn du feil på vitnemålet ditt, må du kontakte din vidaregåande skule og be dei rette det.
- Vitnemål som er annullert av skulen din, er ikkje gyldig dokumentasjon. Dette gjeld både elektroniske vitnemål, utskrift av vitnemål eller vitnemål du har lasta opp.
Nasjonal vitnemålsdatabase
Vidaregåande skular leverer elektroniske vitnemål frå skulane sitt system via fylkeskommunen til Nasjonal vitnemålsdatabase. Elektroniske vitnemål blir kontrollert av eit program før dei blir lagra.
Elektroniske vitnemål nyttast til automatisk poengrekning og sakshandsaming av søknaden din i det samordna opptaket. NVB blir drifta og forvalta av Sikt - kunnskapsektorens