Rett til å klage

Meiner du det er gjort feil i behandlinga av søknaden din, har du rett til å klage.

Du har etter forvaltningslova § 28 rett til å klage. Dette kan til dømes vere om du ønskjer å klage på poengrekning eller vedtak om at du er ukvalifisert.

Be om grunngjeving

Før du klagar, må du be om ei grunngjeving for vedtaket. Be om grunngjeving så snart som mogleg, og seinast innan tre veker etter at du fekk svar.

Vil du klage etter at du har fått grunngjeving? Klagefristen er tre veker frå du får grunngjevinga. Du bør klage så raskt som mogleg, og seinast tre veker etter at du fekk svar. I klaga må det kome klart fram kva du klagar på, og kva du meiner er gjort feil.

Hugs å merke klaga med søknadsummeret ditt. 

Kvar sender du klaga?

Du må sende klaga di til fagskolen som har saksbehandla studieønsket ditt. Kontaktinformasjon finn du ved å logge deg inn på søknaden din. Gå til "Sjå søknad" og "Kontaktinfo til sakshandsamar.

Kva skjer etter du har klaga?

Om du får medhald i klaga, kan du få nytt svar i seinare opptak.

Om du får avslag på klaga, kan du få klaga di vidaresendt til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning. 

Publisert 8. mai 2025 10:05 - Sist endra 30. jan. 2026 14:48