Tidsfristar

Gjeld for opptaket til fagskoler i 2026.

1. februar

Opent for søking

Studieoversikta for 2026/2027 blir lagt ut same dag. Den viser kva du kan søkje på og opptakskrav til dei ulike studia.

Finn du ikkje studiet du vil søkje på?

Ta kontakt med fagskolen du vil søkje til.

Kan du endre på søknaden?

Ja, du kan endre på søknaden heilt fram til søknadsfristen.

Skal du søkje både fagskole og universitet/høgskole?

Viss du skal søkje både til universitet/høgskole og til fagskole, må du registrere to søknadar. Ver klar over at opptakskrava til universitet/høgskole og fagskole er ulike. Du finn informasjon om opptakskravet i studieoversikten.

1. mars

Søknadsfrist og dokumentasjonsfrist for enkelte søkjarar

Nokre søkjarar har søknadsfrist 1. mars. Viss du har søknadsfrist 1. mars, har du også same frist for å laste opp dokumentasjon.

Kven har søknadsfrist 1. mars?

Søknadsfristen 1. mars gjeld for søkjarar til:

Brann- og redningsskolen

Norsk fagskole for lokomotivførere (Lokførerskolen)

Alle andre søkjarar har 15. april som søknadsfrist og frist for å laste opp dokumentasjon.

Må du laste opp dokumentasjon 1. mars?

Ja, viss du har søknadsfrist 1. mars, må du også ha lasta opp all relevant dokumentasjon til same frist.

15. april

Søknadsfrist for dei fleste

Søknadsfristen er 15. april kl. 23.59. 

Det fins nokre få unntak, som har frist 1. mars.

Kan du endre på rekkefølgja etter 15. april?

Nei. Viss du skal søkje fagskole, må du ha satt opp rett rekkefølgje på studia dine seinast 15. april kl. 23.59.

Rekkjefølga på studieønska dine er viktig fordi viss du får tilbod i hovudopptaket, fell lågare prioriterte studieønske bort. Det vil seie at viss du til dømes får tilbod på fyrstevalet ditt, vil alle dei andre studieønska dine automatisk falle bort.

Siste frist for å slette studieønsker er 15. mai.

15. april

Frist for å laste opp dokumentasjon

Viss du har søknadsfrist 15. april kl. 23.59, må du laste opp avslutta utdanning og annan dokumentasjon seinast same dato.

Må du laste opp dokumentasjon innan 15. april?

Ja, viss du har søknadsfrist 15. april, må du også ha lasta opp all relevant dokumentasjon til same frist.

Korleis finn du ut kva du må laste opp?

Du er sjølv ansvarleg for å laste opp godkjent dokumentasjon i søknaden din. Les meir om dokumentasjon for søking til fagskole.

Tar du fag-/sveineprøve etter fristen?

Viss du skal ta fag-/sveineprøve etter søknadsfristen, må du laste opp dokumentasjon på dette. 

Slik dokumenterer du oppmelding til fag-/sveineprøve.

25. mai

Du får svar på søknaden

Viss du har søkt fagskole får du svar på søknaden 25. mai.

Meir om svar og svarregler

Kven kontaktar du viss du har spørsmål om søknaden?

Du må kontakte fagskolen som har behandla søknaden din. Kontaktinformasjon finn du i søknaden.

Kva betyr det at det står bortfalt i søknaden min?

Dette betyr at du har fått tilbod på eit høgare prioritert studieønske. Ved tilbod fell lågare prioriterte studieønske vekk. Viss det er ledige studieplassar på studiet, kan du søkje på nytt.

29. mai

Ledige studieplassar blir lagt ut

29. mai blir det lagt ut ei liste over ledige studieplassar på fagskole. Lista over ledige studieplassar blir oppdatert jamleg, og det kan kome nye studium på lista etter 29. mai.

Meir om ledige studieplassar

Mistar du plassen din viss du søkjer ledige studieplassar?

Nei, du mistar ikkje ein plass du har takka ja til i hovudopptaket berre ved å søkje ledige studieplassar. Viss du får eit nytt tilbod som du takkar ja til, mistar du plassen du hadde takka ja til først.

31. mai

Siste frist for å svare på hovudopptaket

Viss du har fått tilbod om studieplass og/eller om ventelisteplass på ein fagskole, må du svare innan 31. mai. Viss du ikkje svarer innan fristen, mistar du tilbod om studieplass og ventelisteplass.

Meir om svar og svarreglar

Kva skjer viss du ikkje svarar innan fristen?

Då mistar du tilboda dine. Hugs å sjekke at du får ei kvittering i "Meldingar" for svarregistreringa di.

Kan du takke ja til både tilbod og venteliste?

Ja, men takkar du ja til venteliste i hovudopptaket og får tilbod om studieplass i suppleringsopptaka, mistar du automatisk plassen frå hovudopptaket.

Viss du ikkje får eit nytt tilbod i suppleringsopptaka, held du på tilbodet du takka ja til i hovudopptaket.

1. juni

Du kan søkje ledige studieplassar

Frå 1. juni kl. 09.00 kan du søkje på ledige studieplassar på fagskole. Det er løpande opptak til dei ledige plassane. Det vil seie at du må søkje så raskt som mogleg frå dette tidspunktet.

Meir om ledige studieplassar

Korleis søkjer du ledige studieplassar?

Har du søkt tidlegare i år, må du logge deg inn på søknaden din og gå til "Søknad" for å leggje til ledige studieplassar du vil søkje på. Har du ikkje søkt tidlegare i år, må du logge inn i søkjarportalen og opprette ei søknad for ledige studieplassar og dokumentere at du er kvalifisert for studiene du søkjer på.

Frå cirka 4. juni

Suppleringsopptaka startar

Til noen studier kan det bli tatt inn flere søkere fra venteliste. Andre studier kan ha ledige studieplasser. Suppleringsopptakene gjennomføres ukentlig fra cirka 4. juni med unntak av uke 29 og 30.

Du får varsel på sms og e-post viss du får eit nytt tilbod.

Meir om suppleringsopptak

Har du fått nytt tilbod i suppleringsopptaka?

Du må hugse å svare på det nye tilbodet innan svarfristen du får. Les informasjon om svar på tilbud.

Kan du framleis stå på venteliste til seinare suppleringsopptak?

Ja, til nokre studium kan det bli tekne inn fleire søkjarar frå venteliste i seinare suppleringsopptak. Hugs at viss du får eit nytt tilbod om studieplass på fagskole i suppleringsopptaka, mistar du automatisk eit eventuelt tilbod du fekk i hovudopptaket.