Fagskole – Informasjonskampanje 2020

Hei, du!

Skal du søke fagskole i år? Da er det eit par ting du må vite

Aller først: Kva er ein fagskole?

Ein fagskole er rett og slett høgare yrkesfagleg utdanning. Du kan søke fagskole om du har relevant fagbrev, fullført vidaregåande skole eller realkompetanse. Utdanninga varer frå eit halvt til to år. Når du er ferdig med fagskolen, har du fleire moglegheiter – litt avhengig av skolen. Du kan gå rett ut i jobb, søke om meisterbrev, eller du kan utdanne deg vidare.

Det finst fagskolar for alt frå kreative fag og handverk til omsorg og IKT.

Slik søkjer du fagskole via Samordna opptak

 

Kan eg søke både fagskole og universitet/høgskole?

Klart du kan! Begge delar gjer du gjennom Samordna opptak, men merk deg at det er to forskjellige nettsøknader. Skal du søke både fagskole og universitet/høgskole, må du altså sende ein av kvar.

Fagskole søker du no gjennom Samordna opptak

Frå 2020 bruker du Samordna opptak også når du skal søke fagskole. Alt du treng å gjere, er å

  • sende inn søknaden din før fristen
  • sette deg inn i kva slags dokumentasjon som krevst
  • laste opp riktig dokumentasjon innan fristen
  • sjekke e-posten din jamleg og følge opp søknaden
  • svare på studietilbodet innan fristen

Dette gjer du i søknaden din på Samordna opptak.

OBS: Det er viktig å ikkje vere for rask på avtrekkaren. Sjekk derfor at alt er på plass før du sender av garde søknaden din.